Vaffelgutta vil glede heimlause i New York

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 04.02.2019 17:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Marius Skavås, dagleg leiar i Vaffelgutta AS. Organisasjonen har delt ut vaflar til narkomane og heimlause i Oslo i fem år, og no tek dei med seg vaffeljernet over dammen.

«Waffle guys» til New York

På festivalen til Else Kåss delte Vaffelgutta ut vaflar frå klokka åtte på morgonen til klokka elleve på kvelden. T.v. dagleg leiar Marius Skavås, Erna Solberg og Peter Levi Skogvang som skal starte opp i New York. Foto: Vaffelgutta

Berre i New York er det registrert over seksti tusen heimlause. No håpar Vaffelgutta å kunne glede nokre av dei.

– Vaffelgutta har store ambisjonar, og då det dukka opp ein moglegheit måtte me berre gjere det, seier Skavås.

Peter Levi Skogvang var med på å starte opp Vaffelgutta i Oslo, men då kona hans flytta til USA for å jobbe, bestemte han seg for at han like godt kunne flytte etter og starte opp Vaffelgutta New York. Den første vaffelen skal vere ferdigsteikt om berre nokre veker.

Og namnet? Det har dei ikkje spikra heilt endå.

– Godt spørsmål! Me har diskutert det, men har ikkje kome fram til noko endå. Me har vore inne på «waffle guys», seier Skavås blidt.

Ambisjonane og behovet for hjelp stoppar ikkje der. New York er forhåpentlegvis berre starten.

– Det finst mange plassar me kan hjelpe, i Paris er det for eksempel ganske krise.

Les også om australiaren som ikkje klarte å gå forbi dei heimlause i Bergen: Jarrod (21) lagar mat til heimlause

https://www.facebook.com/vaffelgutta/photos/a.1389605264643246/2341057959497967/?type=3&theater

Starta med ei alt for stor røre

«Vaffelgutta» starta ei februarkveld i 2014 då fire kompisar åt kvelds saman i Oslo. Matlaging og mengderekning var ikkje deira sterkaste side, og fire liter vaffelrøre vart i meste laget. Kompisane bestemte seg for å steike opp resten og sykla etterpå rundt for å dele ut vaflane til heimlause og narkomane på gata.

Den hyggelege kveldsgesten har fem år seinare blitt til ein stor frivillig organisasjon. Kvar måndag treffest mellom seks og ti frivillige for å lage røre, steike og dele ut vaflar. Og ikkje minst: slå av ein prat.

– Det heile handlar om å dele nokre godord over ein vaffel, og å spre kvardagsglede til folk som ikkje har det like bra som oss sjølv.

Les også: Sirkus Sol har gledd flyktningbarn i Noreg og Hellas. No drar dei til eit av verdas fattigaste land

Rett over nyttår arrangerte Vaffelgutta sin årlege Vaffelfest med middag, gåver og underhaldning for dei 150 gjestane som truleg ikkje blir invitert til mange selskap i løpet av eit år. Foto: Vaffelgutta/NobleWolfs

Vaffelbil og arbeidsplassar

Etterkvart som talet på vafflar har auka, har også idéane strauma inn. No har storgrossisten ASKO sagt ja til å ta inn Vaffelgutta-vaffelrøra. Frå 11. februar kan dermed storhushaldningar som kantiner, hotell og sjukehus bestille deira vaffelrøre.

– Mange ønsker å vere med å bidra, men det kan ikkje vere for komplisert. No kan bedrifter byte ut røra dei har i dag med vår, og ta eit samfunnsansvar samtidig som dei får dei beste vaflane!

Elevar ved Aas vidaregåande står for mykje av arbeidet med bilen. Foto: Vaffelgutta

Pengane dei får inn skal gå til arbeidsplassar og løn, samt til drift av organisasjonen. Skavås håpar dei på sikt kan stå på eigne bein. I dag er dei avhenging av frivillige gåver frå private og bedrifter, samt støtte frå Innovasjon Norge.

I tillegg vil Vaffelgutta AS prøve å skape arbeidsplassar for dei som har dotte utanfor samfunnet. Først ut er Vaffelgutta Foodtruck, ein eigen bil ein kan selje is, kaffi og vaflar frå. Blir det suksess, vil den stå fast i Oslo.

– Me håpar å kunne vere eit springbrett slik at våre kontaktar og samarbeidspartnarar vil gje dei same folka jobb seinare.

Les også om Nora som brukar fritida si på aldersheim: – Eg har alltid lika å hjelpe folk og å gjera andre glad

Foto: Vaffelgutta