Sirkus Sol har gledd flyktningbarn i Noreg og Hellas. No drar dei til eit av verdas fattigaste land

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sirkus Sol skal spreie glede i eit av verdas fattigaste land

– Vi er veldig flinke til å gjere dumme ting og skape problem for oss sjølve som borna må hjelpe oss ut av, seier Cedric Stevens, alias klovnen Fasit.

For når klovnane i Sirkus Sol er ute på tur, så er det barna som er heltane.

Til vanleg er dei Åsa Hillingseter (34), Line Møller-Christensen (29) og Cedric Stevens (39). Men når dei tek på klovnenasen, er dei Pip, Luna og Fasit. Saman er dei Sirkus Sol.

Klovneutdanning

Åsa og Line er scenekunstnarar og jobbar til dagleg hos sjukehusklovnane og Klokkeklovnene.

Klovnane har lågast status i rommet, og borna må alltid hjelpe dei ut av ei knipe.Line har òg jobba for Clowner utan Gränser i Romania. Begge har klovneutdanning frå Paris.

Cedric har utdanning som tekstforfattar, men har lang erfaring som sjonglør og gateartist. Han har fleire prosjekt bak seg der han har jobba med aktivitetar for barn. Blant anna jobbar han som leiar av Skiforeningen sitt barneprogram «Friluftsglede». I troppen er han klovn, sjonglør, tryllekunstnar og akrobat.

Fleire besøk i flyktningleirar i Hellas

Sirkus Sol har dei siste to åra reist rundt til flyktningmottak i Noreg, og til flyktningleirar i Hellas. Dei tre gongane dei har vore i Hellas, har dei vore på tur 10 dagar i strekk, og hatt to, tre show om dagen. I Noreg har dei vore mest på asylmottak på Austlandet, men har òg vore på to asylmottak i Ålesund.

Pip, Fasit og Luna finn på mykje sprell og moro.

Pip, Fasit og Luna finn på mykje sprell og moro. Foto: Privat/Sirkus Sol

Når klovnane kjem på besøk, er dei tre fjols på tur, og barna blir til supermenneske som kan hjelpe klovnane. Barna må komme og redde dei heile tida. Utan barna hadde ikkje klovnane vore nokon.

– Sånn er livet for ein klovn. Barna hjelper og redder oss. Dei er heltane, seier Stevens.

For dei ønsker både å spreie latter og glede, og å styrke sjølvkjensla til barna.

– Dei som sit heilt stille er kanskje viktigast

Truppen kjem gåande på rekke, medan dei speler, syng, dansar og trallar seg av garde. Fleire og fleire barn hektar seg på, og til slutt er dei eit heilt tog som togar seg av garde. Så tittar det barn ut av fleire telt og blir med. Til slutt endar dei opp på ein plass dei har avtalt på førehand, der dei har showet sitt. Ofte har dei òg verkstad der barna kan lære triks, sjonglering, akrobatikk og leiker.

Han fortel at ungane reagerer veldig forskjellig når dei kjem på besøk, til eit asylmottak eller ein flyktningleir. Nokre kjem løpande mot dei med åpne armar og kastar seg rundt halsen på dei sjølv om dei aldri har møttest før. Spesielt ivrige blir dei når dei skjønar at klovnane er der for dei.

Sirkus Sol kjem inn i leiren. Foto: Privat

Sirkus Sol kjem inn i leiren. Foto: Privat/Sirkus Sol

For i leiren er det kanskje ikkje så mange som har tid til å leike. Barna lever med vaksne som slit med å halde håpet oppe.

– Barna ser at dei vaksne har utfordringar. Det er ein vanskeleg situasjon å leve i. Da trur vi på at å komme inn og spreie litt latter og glede der og da kan få dei til å gløyme den situasjonen for ei stund, seier Stevens.

Klovnane er opptatte av å få med alle borna, også dei som sit der utan å rope eller delta.

Stevens fortèl at dei nokre gonger møter barn som er heilt blokkerte. Dei får ikkje kontakt. Barnet sit der, men er ein heilt annan stad. Mange har opplevd for mykje vondt, og er traumatiserte. Det tek mykje å komme fram til dei.

– Om det mennesket på slutten av forestillinga da får komme opp av fri vilje og gå på den gummistrikken som ligg på golvet. Og så jublar og klappar alle. Om den lille personen plutseleg da vaknar opp og smiler, så er det verdt heile forestillinga. Det skjer innimellom og det er veldig vakkert, seier han.

Klovnar utan grenser

Rundt i verda finst det mange andre klovnar som jobbar for å gi barn ei fin oppleving, og å hjelpe dei. Dei besøker sjukehus og asylmottak, til dømes. Akkurat som det finst Legar utan grenser, så finst det Klovnar utan grenser, i 13 ulike land. No har Klovnar utan grenser i Sør-Afrika invitert Pip, Luna og Fasit til Malawi. Der skal dei vere frå 9.-22. april.

– Å reise rundt med Klovnar utan grenser er ein draumejobb innan yrket. Da er det mange land ein kan reise til for å gjere andre menneske glade, seier Stevens.

Sirkus Sol i aksjon.

Sirkus Sol i aksjon.

Men å gjøgle og klovne og få barn til å le er ikkje alltid berre ein leik.

– Det er sterkt. Å vere ein som får komme inn og sjå korleis dei har det, å få leike med alle borna, og så må ein på eit tidspunkt gå sin veg. Ein må berre bestemme eit tidspunkt, for ellers kjem ein kanskje aldri derifrå. Det er vanskeleg.

Barna og klovnane møtast i leiken men har forskjellige verkelegheiter.

– Vi kan dra men dei må bli igjen. Vi kan velje å lande i deira verkelegheit med ein UFO, skildrar Stevens.

– Men vi kan når som helst gå ut av verkelegheita. Eg har ei seng ein annan stad. Dei har ikkje ein annan stad, dei kan ikkje velje.

Stevens fortel at eine gongen dei besøkte flyktningleirane i Hellas, var det 40 grader og for varmt til å vere ute på dagtid. Då var dei som budde i leiren oppe på natta fordi det var da det var kjølig nok. Da var det yrande barneliv og tid for klovning.

Har ingen ting, men deler av det dei har

Stevens fortel at dei blir møtt med mykje varme. Dei blir alltid inviterte inn på frukt og te av dei vaksne.

– Dei vaksne har ingenting, men dei inviterer inn i dei bittesmå telta og vil dele alt likevel. «Kom inn, kom inn».

– Så kjem vi heim til Noreg. Og les kanskje at nokon har satt fyr på telta deira, eller at det er 20 cm med snø plutseleg. Det er mange drøye ting.

– Er det nokon som hjelper klovnane om dei har hatt sterke opplevingar dei må bearbeide?

– Ja, vi har refleksjonssamtalar. Da vi kom heim etter den siste turen vi var på, så hadde vi det.

Han fortel at Sykehusklovnene òg har ein psykolog dei må gå til. Det har ikkje Sirkus Sol, men dei passar på å prate om det som skjer. Så dei ikkje skal bygge opp noko trøbbel i klovnehjarta sine.

No skal dei til Malawi, eit av verdas fattigaste land. Der er det problem med vassmangel, og det er høge statistikkar på barneekteskap. Barn der treng støtte av ulike årsaker.

Klovnar utan grenser i Sør-Afrika har no eit prosjekt der Sirkus Sol skal vere med.

No er sirkuset òg på jakt etter ein musikalsk klovn som kan vere med på turen.

– Vi har eit fiskesnøre ute for å finne ein musikarklovn som kan spele litt forskjellig.
Vi skal jo til eit kontinent med rik musikktradisjon.

Bruker folkefinansiering

Fordi dei jobbar frivillig, brukar dei fundraising for å få økonomisk hjelp til turen. Dei har fått hjelp frå ivrige bidragsytarar. Blant anna var dei ei som feira 30-årsdagen sin som berre ønskte seg bidrag til Sirkus sol. Dei har òg brukt folkefinansieringssida bidra.no. Og så har dei fått hjelp av ein gjeng studentar ved Høgskolen i Kristiania, som brukte innsamling til Sirkus Sol som skoleoppgåve.

– Dei samla inn rundt 16.000 berre ved å spreie Facebook-lenker og Instagram og Snapchat og å halde liv i bålet, fortel Stevens.

Sirkus Sol er imponerte over innsatsen til studentane og givargleda til folk. Gjennom folkefinansierings-sida bidra.no, har dei snart nådd målet sitt om å samle 30.000 kroner til turen. Den 9. april går turen til Malawi.

Les meir om Sirkus Sol her.

 

Samarbeidspartnarane til Sirkus Sol

*Clowns Without Borders South Africa.

*YONECO, ein Malawisk organisasjon som jobbar for Kvinner og barn sine rettar i Malawi.

*Dråpen i havet.

*Sjukehusklovnane.

*Høgskolen i Kristiania.