Jarrod (21) lagar mat til heimlause

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jarrod (21) lagar mat til heimlause

– Ein mann sa at han hadde vore i Norge dei siste fire åra. Eg var den første til å snakke med han på eitt heilt år, seier Jarrod Cooke frå Australia.

Då han i sommar flytta til Bergen som utvekslingsstudent la han merke til dei heimlause i gatene langs Torgalmenningen.

Allereie heime i Sydney gjekk Jarrod med eit ønske om å gjere noko meiningsfullt. Også her sette han seg ned for å prate med dei heimlause.

– Ein av dei hadde ein hund, så meg og vennene mine gjekk for å kjøpe hundemat til han. Det er mange sterke historier der ute.

LES OGSÅ: «Vi er så fordømt privilegerte. Det er vår plikt å hjelpe andre»

Samla inn 900 kroner
Synet av alle tiggarane i Bergen, gjorde at Jarrod fekk ein ide. Han stilte seg opp på Torgalmenningen og forsøkte å samle inn pengar til mat, som han ville lage til tiggarane.

– Det funka dårleg. Eg trur eg samla inn 20 kroner på ein time, seier han og ler.

I staden skreiv Jarrod om forslaget i ei Facebook-gruppe til studentbustaden Fantoft, der han bur.

– Eg skreiv kva eg ville gjere, og spurde om folk ville donere. Etter kort tid samla vi inn 900 kroner, og fire dagar seinare byrja meg og nokre venner å lage maten.

Det var studentavisa Studvest som først omtala saka.

Kravet var at maten skulle vere sunn og ikkje for dyr.  Det enda med brokkoli, gulrot, potet, kål, laks og banan.  

– Det er mange som har lyst til å hjelpe, men som ikkje veit korleis. Så dette vert eigentleg  eit eksperiment for å kunne sjå kva handlingar kan gjere, seier Jarrod smilande.

Deler ut mat
– Eg trur mykje av årsaka til at folk er heimlause, er ulike moglegheiter i livet. Mange er fødde i fattige land, eller dei er sjuke, seier Jarrod Cooke (21) frå Australia. Mens han studerer filosofi ved Universitetet i Bergen, samlar han inn pengar til å brødfø fattige. 

– Folk dehumaniserer heimlause
– Kvifor trur du så mange folk ignorerer tiggarane på gata?

– Eg liker ikkje det ordet, det høyrest så nedverdigande ut, seier han, før han svarar:

– Det er nok fordi folk er travle, og opptekne av sine eigne liv. Det blir også enklare å gjere det fordi alle andre gjer det, trur han.

Før Jarrod byrja å studere filosofi, tok han fag i psykologi. Han fortel om ein studie som viste at folk dehumaniserer tiggarar og heimlause.

– Når eg ser på deg, kjenner hjernen min att andletet ditt. Men når vi ser på mindre heldige menneske, som heimlause, aktiverer ikkje hjernen dette, seier han.  

– Korleis reagerte folk på Facebooktråden der du foreslo eksperimentet?

– Mange ville donere, og fleire hjelpte til. Det var nokre som var kritiske til det, og sa at tiggarane i Bergen er organiserte kriminelle. Det har jo kome forsking frå politiet som seier at dei aller fleste ikkje er det. Og så er det derfor eg gjev mat, og ikkje pengar, seier han.   

LES OGSÅ: – Tiggeforbodet er avskyeleg

– Det gjorde alt verdt det
Jarrod trur mange føler seg ukomfortable med å gje pengar til folk på gata.

– Ofte er dei ikkje nøgde med ein femmar, og mangelen på takksemd gjer at folk sluttar å gje. Men mat er jo noko som alle treng, seier han.

Berre to tiggarar takka nei grunna mageproblem. Jarrod fortel at nokon tok imot utan særleg entusiasme, medan andre lyste opp.

– Ei kvinne peika mot himmelen og velsigna oss. Det gjorde alt verdt det. Men det beste var å sjå vennane mine dele ut maten, å sjå kor bra dei følte seg, seier han og smiler lenge.  

Gjengen delte ut maten i løpet av tre dagar. Etter kvart begynte folk på gata å kjenne Jarrod att, og mange vil slå av ein prat. Til jul skal Jarrod til Asker med kjærasten, men han trur det blir ein ny runde før det.

– Opplevinga var så givande at eg har lyst til å gjere det igjen.