Colombianske Lorena syklar verda rundt: – Nordmenn imponerer meg
Lorena Vanesa Guzmán Sánchez er sykkelnomade. Ho meiner at eventyrlystne folk kan starta frå skrætsj og læra seg det ein treng medan ein reiser.
Tre kontinent og 40 land. Så langt har Lorena Vanesa Guzmán Sánchez (28) kome på sykkelreisa si gjennom heile verda.
Sánchez er frå Colombia og starta reisa i 2021. No er ho i Noreg saman med broren Juan Pablo (18).
– Eg har stort sett reist åleine, men det hender at eg møter folk som blir med meg på delar av reisa, skriv Sánchez i ei melding til Framtida.no.
Ho fortel at det nomadiske sykkellivet har gjeve ho eit nytt syn på verda. Ho har prøvd å slå seg ned i heimlandet, men reiselysta var for stor.
Sel armband
– Eg forsyrgjer meg sjølv hovudsakeleg gjennom å selja handlaga kunst, særleg armband.
Sánchez får også donasjonar frå folk som fylgjer reisa hennar gjennom sosiale medium.
– Eg tek reisa i etappar. Når eg er ferdig med ein verdsdel, dreg eg heim til Colombia nokre månadar for å tena pengar og jobba med andre prosjekt.
Planen er å avslutta Europa-delen i Storbritannia, for å deretter halda fram i Asia.
Fantastiske folk i Noreg
– Nordmenn imponerer meg, faktisk meir enn landskapet. Eg og bror min har møtt fantastiske folk, mellom anna ein familie som let oss bu heime hjå dei.
Sánchez fortel at ho også har hatt nokre ubehagelege opplevingar, til dømes med seksuell trakassering i fleire land.
– Vinteren har også vore ekstremt utfordrande, eg har måtta telta i temperaturar ned mot tjue minusgrader utan noko særleg godt utstyr.
– Ein typisk dag varierer avhengig av kor eg er. Viss eg søv i teltet, startar eg gjerne dagen med å laga frukost og ordna utstyret mitt. Det tek mellom halvannan og to timar å gjera seg klar.
Sánchez plar byrja å sykla mellom klokka 9 og 10. Ho held på til mellom 19 og 20 på kvelden, med ein lunsjpause på ettermiddagen.
Tilrår å starta frå skrætsj
– Eg har vore mange fine plassar, ein av dei beste er Brasil.
I Europa har Albania og Italia markert seg som favorittar. Sánchez meiner at alle bør ha dei italienske Dolomittane på bøkketlista si.
– Rådet mitt til folk som har lyst å reisa er å berre starta frå skrætsj, ein lærer seg det ein treng på vegen.










