– Eg har alltid lika å hjelpe folk og å gjera andre glad

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først på trykk i Vest-Telemark blad.

Sist sundag gjekk tiltaket som blir omtalt som «den store nasjonale dugnaden» av stabelen. Denne dagen var Nora Kasland Groven «på jobb» på Steinmoen bu- og servicesenter i Åmotsdal. Som vanleg.

Dei fleste helgene i året er ho på plass for å prate med, hjelpe til med matstell og pådekking, og gå tur med bebuarane. Dette gjer ho heilt utan løn.

No trur kanskje lesaren at påfunnet med å stille opp slik er nytt for ungjenta. Til dét er å seie at dette har fjortenåringen drive med sidan ho gjekk i sjuandeklasse.

På tredje året driv ho friviljug arbeid på Steinmoen bu- og servicesenter. Omtanke for folk er drivkrafta hennar. Foto: Anne Sofie Tresland

På tredje året driv ho friviljug arbeid på Steinmoen bu- og servicesenter. Omtanke for folk er drivkrafta hennar. Foto: Anne Sofie Tresland

Godhjarta og omsorgsfull

Tulla (Johanne) Aase (84 år) set veldig stor pris på Nora.

– Det er litt av ei jente, det. Ho er fantastisk. Ho er ute og gjeng med dei som vil det, eller ho sit inne og pratar med oss. Tenk å bruke fritida si på å vera her med oss. Det er ikkje til å tru, seier Tulla og smiler varmt til jenta, medan ho spøker om at det ikkje er så stor aldersskilnad mellom dei. Det er ingen tvil om at kjemien er god.

– Kva snakkar de om?

– Mest om daglegdagse ting. Om sauesanking og slikt som skjer i bygda, svarar Tulla.

Ein god del av tida nyttar Nora altså til å snakke med bebuarane. Gjerne inne på rommet deira.

Gratisarbeidaren synest ho har fått svært god kontakt med mange, noko som syner seg ved at dei av og til opnar seg og snakkar om ting som dei ikkje seier til andre. Elles går det også i gamle historier, noko som Nora synest er moro å høyre på.

Les også: Sirkus sol skal spreie glede i eitt av verdas fattigaste land

Byrja med sjukebesøk

Korleis ho kom på å stille opp for institusjonsbebuarar på denne måten? Historia startar for nokre år sidan medan tanta til mor hennar var innlagt på sjukeheimen Nesbukti i Seljord. Nora var ofte på besøk der, og syntest det var koseleg.

– Det var veldig hyggeleg å vera der. Eg har alltid lika, og vore oppteken av å hjelpe folk, og å gjera andre glad. Så fekk eg lyst til å arbeide der, men eg måtte innsjå at eg var for ung, smiler den no fjorten år gamle jenta forsiktig der ho sit i den kvite uniformen sin i stoga på Steinmoen.

Skreiv brev til kommunen

Nora Groven gjekk altså i sjuandeklasse då tanken slo henne at ho kanskje kunne arbeide litt gratis med dei gamle og sjuke. Ho spurde seg fyrst litt føre, og fekk råd om å skrive eit brev til kommunen. Ho så gjorde, og fekk til svar at ho var hjarteleg velkomen.

– Då fekk eg berre meir og meir lyst. Det var berre så morosamt, seier ho entusiastisk.

Og så gjorde ho det. Og ho held fram med å gjera det. Nesten kvar helg heile året. I sommarferien, og laurdagar og sundagar når ho har høve til det. Sjølvsagt ikkje kvar einaste helg, for som ho seier: «eg kan då ikkje droppe vener heilt, heller».

– Eg er her når det passar meg, og eg kan koma kva tid eg vil. Oftast er eg her frå ellevetida på føremiddagen til firetida på ettermiddagen, fortel ho.

91 år gamle Aslaug Rue frå Seljord seier sjølv at ho er litt treg til å ut og gå tur. Men om Nora spør, da får ho fart i seg. – Då spring du nesten ut, minner Nora henne om. Foto: Anne Sofie Tresland

Ein triveleg stad

Det nærmar seg middagstid, og langbordet er alt dekt i haustlege fargar; gul-, brun- og raudtonar. Sjølv om jordene ute rundt senteret er aldri så irrgrøne, mest lik fargen dei brukar å ha i mai månad, er den tidlegare så fargerike hausten utomhus i ferd med å bleikne. Noko gult bjørkelauv har ennå ikkje gjeve tapt for vinden, og lyser opp bygda.

Inne byrjar det å lukte middag frå kjøkenet. Menyen i dag er kalkunfilet, tillaga på kjøkenet på Dyrskuplassen, og oppvarma på det lokale kjøkenet.

Vart både sjokkerte og glade

– Korleis reagerte tilsette og bebuarar når du byrja i «jobben»?

– Dei blei ganske sjokkerte, men glade òg for at dei fekk møte litt andre folk i kvardagen enn dei som er der til vanleg. Eg får så gode tilbakemeldingar. Det er kanskje det som har halde meg att her, reflekterer ho.

Gjennom åra har ho blitt godt kjent med dei mange som har budd på Steinmoen. Inntrykket hennar er at dei aller fleste trivest godt på den vesle institusjonen, som ifylgje nettsida til Seljord kommune har åtte plassar.

– Det er ikkje mykje dei klagar på her, nei – og dei får mykje merksemd. Om noko skulle skje helsemessig, får dei fort hjelp – det er veldig beroligande. I tillegg kan dei kanskje få meir tilsyn her enn andre stader, trur den unge hjelparen.

Å bu på Steinmoen kan også vera veldig sosialt, om ein vel å ikkje vera på rommet sitt. Beburane er samla til måltid fire gonger til dagen, og oppheld seg i tillegg ofte i stoga om kveldane.

Undrande vener

Omtenksom: Nora har alltid vore oppteken av å hjelpe folk. Dei siste par-tre åra har ho fått godt høve til det. Foto: Anne Sofie Tresland

– Kva tenkjer venene dine om at du brukar fritida di slik?

– At du gidder det, seier mange. Dei fleste synest det er godt å nyte dagen heilt fri før dei skal på skulen att. Dei skjønnar ikkje alltid kvifor eg gjer slikt.

– Og heilt utan løn?

– Ja, det starta med at eg skulle gjera det gratis, og noko løn har ikkje vore inne i biletet. Løna er at det eg gjer blir sett pris på, seier den sympatiske fjortenåringen.