Isbrereklame ikkje bra for klimaet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit paradoks, og det seier eg til turistane. «Jo lenger de flyg for å kome hit og sjå breen, jo lenger blir gåturen opp til brefronten».

Det seier breførar og dagleg leiar for Jostedalen breførarlag Steinar Bruheim til NRK. Han har ført tusenvis av turistar opp på Nigardsbreen, inst i Sogn. Der er det blitt vanskeleg å finne gode ruter opp på den minkande isbreen. Grunna klimaeffekten vil han derfor ikkje marknadsføre breen i land langt borte.

Les også: Ny rapport: Alle isbrear i Noreg er trua

Seks månadar klimautslepp på nokre timar

– Ein person som flyr tur-retur Beijing-Oslo slepp ut like mykje CO₂ som ein gjennomsnittleg nordmann gjer på seks månader, fortel klimaforskar Karen Richardsen Moberg ved Vestlandsforsking. Ho synest ikkje det passar å marknadsføre Noreg i land på andre sida av jorda viss ein skal nå dei internasjonale klimamåla.

Dei siste tre åra har Innovasjon Noreg brukt åtte millionar kroner på marknadsføring i Kina og har jobba tett med Fjord Noreg rundt satsinga.

– Vi prøver å få dei «rette» turistane hit; dei som blir lengst mogleg, set eit minst mogleg klimaavtrykk når dei er her og legg att mest pengar, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Noreg. Men han vedgår at det er eit stort dilemma at flyreisene legg att eit så stort klimaavtrykk.

Les også: Forskaren sine beste tips for å leve meir miljøvenleg i 2019