Da turismen kom til Ishavet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ville skrive ei bok om Ishavet for alminnelege folk, seier forfattar Kjell-G. Kjær om den nye boka Ishavsfarerne 1859–1909.
Foto: Orkana forlag

Det var tyskaren Wilhelm Bade – polarturismens far – som da hadde chartra Kong Harald og søsterskipet Erling Jarl frå Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab for å ta med turistar på jaktsafari og opplevingsferie på Svalbard.

– Det var fleire profesjonelle selskap som marknadsførte dette, til dømes Vesteraalens Dampskibsselskap og Arktisk Sports Bureau i Tromsø, men aller størst var turistverksemda til William Bade, fortel polarforfattar Kjell-G. Kjær, som har skrive boka «Arktisk jaktsafari. Storviltjakt i Ishavet 1856–1909».

Interessa for polarområda var enorm på denne tida. Akkurat denne sommaren returnerte Fram etter to overvintringar i polarisen, og svensken Salomon Andrée var i full gang med å rigge ballongen som skulle ta han til Nordpolen frå Svalbard. Den ville turistane gjerne sjå.

Les også: Sju ting du ikkje visste om Svalbard

Jaktsafari i Ishavet

Men det var jakt på eksotiske dyr som isbjørn, kvalross, sel og rein som var drivkrafta for ishavsturismen. Alt i 1856 drog lord Dufferin til Svalbard for å jakte. Boka hans frå ferda, «Letters from High Latitude» vart ein bestseljar og inspirerte fleire jaktekspedisjonar i Ishavet.

– Desse jegerane var jo dei første turistane på Svalbard, seier polarforfattar Kjær.

– Til å byrje med var det sporadisk, men trafikken auka kraftig etter 1890, særleg da amerikanarane kom. Da snakkar vi om i gjennomsnitt sju årlege ekspedisjonar med jaktlag til Ishavet. Toppåret var 1907, da ikkje mindre enn tretten ekspedisjonar med jegerar reiste nordover, fortel Kjær.

Boka er ein oppfølgjar til boka «Ishavsfarerne 1859–1909» (2016), der Kjær tok for seg yrkesfangsten og forskingsekspedisjonane i Ishavet denne perioden. Denne gongen har forfattaren kartlagt dei mange lystturane til Svalbard, Novaja Semlja, Frans Josefs Land og Grønland desse åra, 115 ekspedisjonar i alt.

Amerikanarar på Jan Mayen, frå venstre Christian Holmes og sonen Carl Holmes, Bettie Holmes, briten Noel C. Livingston-Learmonth og fru Fleischmann frå Ohio. Fru Fleischmann og ektemannen, millionæren Max Fleischman, la like godt bryllupsreisa til det kalde nord med venner og eiga skute. Foto: Perspektivet Museum

Les også reportasjen om klimaendringar på Svalbard: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje.

Adelege, kongelege og rikfolk

I første omgang var det britiske adelege med erfaring frå storviltjakt i Afrika, Asia og Sør-Amerika som ville nordover. Etter kvart melde adelege og kongelege på kontinentet seg på, og da dei meir organiserte jaktcruisa kom i gang etter 1890, vart tilbodet også attraktivt for rike amerikanarar.

Den skotske godseigaren James Lamont var ein av dei første som lét seg inspirere av Dufferins skildringar. Han gjennomførte i alt fem jaktekspedisjonar til Ishavet, og skreiv fleire bøker om turane.

Lamont var første gong i Arktis med eiga skute i 1858, men var året etter den første som leigde både mannskap og utstyr i Nord-Noreg. Utleige av skip, mannskap og utstyr vart etter kvart god butikk for fleire reiarlag og selskap i Tromsø og Hammerfest.

Seinare Sherlok Holmes-forfattar Arthur Conan-Doyle (fremst i midten) var med som skipslege på ein av jaktekspedisjonane til ishavslegenden Bejamin Leigh Smith (med hatt). Foto: William S. Grant / Hull Maritime Museum

Les også: Opnar folkehøgskule på Svalbard

Upopulære nordmenn

Adelen kom likevel ikkje alltid like godt overeins med hardbarka, nordnorske fangstfolk. Lamont karakteriserte dei som «modige, tøffe og uthaldande», men meinte dei elles var ein «vill, pøbelaktig og uvørden gjeng». Det vart mange konfliktar.

– Det botna nok i kulturforskjellar. Både Lamont og eit par andre skreiv at dei ikkje ville ha med seg nordmenn på turane, og det britiske jaktmagasinet The Field skreiv i 1881 at nordmenn var lite samarbeidsvillige, seier Kjær.

– Den britiske adelen brukte heller ishavsfararar frå Skottland, som på den tida hadde den største ishavsflåten i Europa.

Lamonts jaktutbytte i 1859 var typisk: 46 kvalross, 88 sel, 6 døde og 2 levande isbjørnar, 1 kvitkval, 61 reinsdyr og fleire tønner spekk.

Baron Henry Gore-Booth poserer med jaktgevær på ishavsskuta “Isbjørnen” ved Novaja Semlja i 1879. Foto: William A. Grant

Les også: Vordande fangstmenn på Svalbard – eitt år åleine i villmarka

Kongelege massakrar

Fru Fleischmann frå Ohio felte både sel og isbjørn på tur i Ishavet i 1906. Ho og ektemannen, millionæren Max Fleischman, la like godt bryllupsreisa til det kalde nord med venner og eiga skute. Foto: Perspektivet Museum

Men ikkje alle var opptatt av å ta med seg bytte heim eller av jaktetikk. Prinsen av Napoli, seinare kong Victor Emmanuel III av Italia, skaut saman med kona Elena blink på måker og terner utan å bry seg om skadeskyting. Ein sjokkert svenske såg dei plaffe ned 200 måker og terner, og fortalde at han etterpå avliva 70 skadeskotne fuglar etter dei. I Isfjorden skal dei kongelege ha massakrert 47 reinsdyr, som dei berre lét liggje.

– Han var nok eit særtilfelle, men det var fleire. Lord Hamilton skaut 168 reinsdyr og tok berre med seg fire horn. Han lét alt liggje igjen, fortel Kjær.

– Men dette vart betre når trafikken vart organisert. Arktisk Sports Bureau hadde prosedyrar for jakta og ville ikkje ha skadeskyting. Det same gjaldt Vesteraalens Dampskibsselskab.

Les også om Amalie Henriksen frå Longyearbyen: – Eg har vore igjennom 18 mørketider, så for meg har det vorte heilt normalt.

Franskekongen og flagget

Kjær fortel i boka om mange ishavsjegerar med fine titlar, mellom andre markien av Ormonde, baron Henry Gore-Booth, keisar Wilhelm II, grev Otto von Zedlitz og grev von Westerholt, men den som tok kaka, meiner Kjær, var hertugen av Orléans.

Hertugen var eksilkonge av Frankrike, men gjorde likevel alt for å leve opp til statusen som statsoverhovud. Da han i 1905 ville leige polarskuta Fram, sa styresmaktene først ja, men tvert nei da hertugen insisterte på å segle under fransk flagg.

– Hertugen hadde med seg både kammerherre, livlege og butler på turane. Det var skikkeleg stil. Da han felte ein isbjørn, serverte butlaren champagne, og det franske flagget gjekk til topps mens butlaren stemde i den franske nasjonalsongen, fortel Kjær.

Etter boomen rundt hundreårsskiftet dabba jaktturismen av, men heldt i det små fram heilt fram til isbjørnen vart freda i 1973. Da var troféjakt på kvalross og svalbardrein for lengst forbode.

Den britiske adelsmannen Henry Gore-Booth hadde med fotografen William Grant til Ishavet. Her poserer han ved harpungeværet saman med ein del av mannskapet på “Kara” i 1884. Foto: William A. Grant

Les også om Aubrey Jane Roberts som leiter etter fossil av svaneøgler på Svalbard.