Aubrey (27) bloggar for National Geographic

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bloggar om svaneøgler

– Eg har alltid interessert meg for paleontologi. Men eg trudde ikkje det gjekk an å bli det i Noreg, seier doktorgradsstipendiat Aubrey Jane Roberts (27) frå Stavanger. 

Roberts kom akkurat tilbake frå Svalbard, der ho er kvar haust for å forske på fossila etter svaneøgler (vitskapeleg namn er plesiosauria).

– Svaneøgler er ein reptil som levde samtidig med dinosaurane, det vil seie cirka 65 til 220 millionar år sidan.

Ho fortel at det finst to typar svaneøgler. Dei med lang hals og lite hovud, og dei med kort hals og stort hovud. Roberts forskar på dei med lang hals – derav namnet svaneøgle.

– Svaneøglene levde på alle kontinenta, men i dei fleste andre land har dei blitt grave fram for fleire tiår sidan. På Svalbard er det funne ein heil haug med fossil, og vi finn stadig nye artar, fortel Roberts. 

På storleik med ein buss
Det unike prosjektet starta i 2004, etter funn av fossile øgler. I 2007 fann teamet eit skjelett som vakte oppsikt verda rundt. Svaneøgla var 12 meter og 150 millionar år gamal. Ekspedisjonen er leia av Jørn Hurum, som er tilsett ved Universitetet i Oslo og Naturhistorisk museum.

– Tenk deg dyr nesten så lange som ein buss, med kropp som ein skjelpadde og hals som ein lang slange. Ingen dyr i dag kan samanliknast med desse merkelege vesena, seier Hurum.

Roberts blei med teamet i 2011. 

– Aubrey er ein av mine beste studentar. Ho har ein utruleg arbeidskapasitet, seier Hurum om Roberts. 

Første dagen på Svalbard bur gruppa på hotell, for så å dra ut i felt dagen etter. Det har dei korkje internett, dusj eller toalett.

– Men vi har rifle, seier Roberts. 

Det er trass alt isbjørn på ferde.

LES OGSÅ: Ifølgje norske forskarar vert det fleire isbjørnar på Svalbard

– Budde langs havet
Aubrey Roberts har seks månadar igjen av doktorgraden sin om svaneøgler. Ho har allereie skrive fleire forskingsartiklar om det forhistoriske vesenet.

– Svaneøgler kunne bli ganske svære. Dei budde overalt nær hav, svømde og fødde levande ungar. Vi veit ikkje om dei levde åleine eller i grupper, men det er noko vi forskar på, fortel Roberts. 

Svaneøgla med lite hovud åt blekksprut og fisk, medan den med stort hovud åt det meste.

– Kva gjorde at dei vert utrydda?

– Det var nok det same som med dinosaurane. Eit astroidetreff. Svalbard var tidlegare havbotn og dekt av vatn. Gjennom fossila kan vi finne ut korleis Atlanterhavet blei til, seier Roberts. 

LES OGSÅ:Ekspedisjonsboom til Svalbard

– Eit  Loch Ness-monster
No har National Geographic fanga opp den spesielle ekspedisjonen på Svalbard (sjå video under). Aubrey Roberts og kollega Victoria Nash bloggar om feltarbeidet og om dyret Roberts kallar eit «Loch Ness-monster».

På felt preparerer og reinskar dei knoklane etter svaneøglene. Deretter blir dei frakta til Naturhistorisk museum i Oslo, der nokre av dei blir utstilt.

– Svalbard er blitt som heime. Naturen er fantastisk. Eg skulle gjerne blitt der, seier Roberts, og legg til at ho har fått mykje positiv respons på blogginga. 

– Mange synest eg har ein jovial måte å skrive på, seier ho og ler. 

– Kva er det som gjer paleontologi så spennande?

– Ein oppdagar nye ting heile tida – skjelett og nye artar som ingen andre har sett før. Det er givande å bidra til å forklare ei puslebrikke av historia om livet.  

Møt Bård (28) og Gard (29), som skal leva av fangst på Svalbard i eitt år