Forfattardebutanten jobbar mot trongen til å bruke mesteparten av tida aleine med bøker, og håpar han ikkje giftar seg med feil person.

– Ei god bok får meg til å føle, tenke og verdsetje språk. I akkurat den rekkefølga. Eg har lese mange bøker som er både smarte og vakkert skrivne, men eg vil først og fremst føle noko når eg les skjønnlitteratur.
Det skriv Martin Tilrem i ein e-post til Framtida.no. 25-åringen studerer historie i Edinburgh, og debuterte tidlegare i år med den historiske romanen Et jentebarn. VGs bokmeldar meiner boka treffer rett i hjartet, og trilla ein seksar på terningen.
Martin Tilrem
Alder: 25 år
Frå: Nannestad
Utdanning: Fullfører master i historie i Edinburgh
Yrke: Forfattar
Tilrem les mest skjønnlitteratur, og har ein forkjærleik for bøker som er litt deprimerande.
– Spesielt om dei er sett på 60- og 70-talet! Enda fleire poeng om handlinga tar plass innanfor eit musikkmiljø. Det handlar mykje om å kunne drøyme seg bort til ei tid der moglegheitene for kunsten verka uendelege. Eg forsøker å fortelje meg sjølv at det nok ikkje føltest sånn i augeblikket, berre verkar sånn i ettertid, og at vi må bruke vår eigen epoke så godt vi kan. Om femti år finst det vel forfattarspirer som drøymer seg tilbake til 2020-talet, sjølv om det er vanskeleg å sjå for seg no.
Lydbok om Dæhlie
Tilrem har akkurat fått ein bunke bøker på norsk levert til Edinburgh, og boka som ligg på nattbordet no er Skammen av Annie Ernaux.
Forfattardebutanten les i senga, nokre gonger i kontorstolen, og ein veldig sjeldan gong på pub.
– Eg har forgjeves forsøkt å bli typen til å lese i park. Eg har eigentleg eit stort behov for at folk skal sjå meg lese, men eg får det ikkje til, klarar ikkje å slappe av, avslører han.
I dag les han i overkant av ei bok i veka, og landa på om lag 60 bøker i fjor. Dette trass i at han vart sjeldan lesen for som barn.
– Mamma og pappa sette heller på lydbok. Den same lydboka, kvar einaste gong eg skulle sove. Eg trur det var God på ski, sjølvbiografien til Bjørn Dæhlie frå -98. Nannestads store son! I alle fall heilt til han blei skatteflyktning.
Kjenner seg att i Stoner
Som tenåring gjorde boka Stoner av John Williams inntrykk.
– Eg blei heilt bergtatt, og byrja for alvor å lese etter at eg plukka opp den i ein alder av 16. Det var nok også boka som overtydde meg om å søkje vidare til universitetet. Fram til då var ikkje det nokon sjølvfølgje, men eg er veldig takksam for det i dag.
William Stoner er òg karakteren Tilrem kjenner seg mest att i.
– Eg har ikkje lyst til å bli åtskilt frå samfunnet, så eg må heile tida jobbe mot trongen til å bruke mesteparten av tida mi aleine med bøker. Eg håpar berre eg ikkje giftar meg med feil person!
Ditlevsen fortener merksemd
– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?
– Herre av Niels Fredrik Dahl. Men eg er glad for at det var han som skreiv den, den hadde ikkje blitt like god om det var meg.
– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Eg synest det er vanskeleg å bedømme. Når eg er veldig stor fan av ein forfattar tenker eg eigentleg at alle andre er einige, og undersøker aldri om det er sant. Tove Ditlevsen er ikkje undervurdert, men kjem alltid til å fortene meir merksemd, spesielt i Noreg. For ein forfattar!
Om Martin Tilrem berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet, hadde valet falle på nettopp ho.
– Eg får noko nytt ut av dei bøkene kvar gong eg les dei.
Vil ha Rådebank-skodespelar i hovudrolla
Om Tilem kunne invitert ein valfri forfattar på middag, hadde den amerikanske forfattaren og journalisten Joan Didion vore førstevalet.
– Men eg vil helst reise tilbake til 70-talet og bli invitert på middag hos ho. Biblioteket i New York har gjestelistene hennar, og eg hadde fort enda opp med å møte alle andre sine svar på dette spørsmålet også.
– Boka di blir filmatisert – kven spelar hovudrolla?
– Sjur Vatne Brean! Han kunne fint spelt Aslak, sjølv om han kanskje byrjar å bli for gamal. (Vi er like gamle, eg projiserer berre eigen angst om aldring), svarar 25-åringen spøkefullt.