Marte Agneberg Dahl
Marte Agneberg Dahl
Faktaboks

Boktips for deg som vil få eit djupare innblikk i fangsttilværet på Svalbard:

– Jeger i Svalbards villmark. Tommy Sandal – tradisjonell fangstmann i moderne tid (Knarvik)
– Første kvinne som fangstmann på Svalbard (Wanny Woldstad)
– Fangstmann på Svalbard (Vadder)
– Kongen av Sassen Bay (Fjørtoft)
– Isbjørnkongen Henry Rudi (Rudi/Sørensen)

LES FAKTALUKK FAKTA

Bård Blæsterdalen (28) og Gard Christophersen (29) skal vidareføre ein fleire hundre år gamal del av Svalbard si kulturhistorie.

Dei skal ut på overvintringsfangst og leve av det den karrige arktiske naturen gjev dei av vilt og fisk. I eitt år skal dei bu på Sysselmannen si fangsthytte Austfjordneset. Åleine, langt frå sivilisasjonen.

Den 26. mai gjekk båten frå Longyearbyen, med 50 mil framfor seg før gutane, ti hundar og hundrevis med kilo av utstyr skulle lastast av.

– Eventyret og naturen viktigaste motivasjon
«Polarsyssel» ligg ved kai i Longyearbyen. På dekk står ein snøskuter, hundebur, tre hundesledar, fleire pallar med tørrvare, kajakkar og anna pargas. I fleire månader har dei to komande fangstmennene planlagt og handla inn til fangståret. Ammunisjon, medisinar til hund og folk, dram til høgtidelege stunder – det er mange detaljar som må på plass. Snart er førebuingane over.

Eventyret nærmar seg.

No skal ni huskyar og ein grønlandshund hentast, og i natt blir Gard på båten for å passe på den lodne gjengen. Om to dagar er båten framme på fangststasjonen i Austfjorden nord på Spitsbergen. Der skal dei to gutane avløyse paret som har budd på fangststasjonen dei siste to åra.

Båe gutane avslutta mastergradar gjennom universitetet på Svalbard i fjor. Kva trekkjer dei mot den golde villmarka på Svalbard?

– Eventyret, naturen her oppe, og å kunne leve av naturen. Det var nok min viktigaste motivasjon for å søke på fangst, smiler Gard.

LES OGSÅ: Går Svalbard på langs

To glade fangstmenn vinkar farvel på kaia i Longyearbyen før avgang.

Fangsthistorie på Svalbard
Ei kjapp innføring i fangst på Svalbard for dei uinnvidde: Etter oppdaginga av øygruppa i 1596 var Svalbard eit «ingenmannsland» fram til Noreg fekk suvereniteten i 1920. Dette førte til nærast ubegrensa jakt og fangst både til havs og etter kvart på land.

På 1600-talet var det nederlandsk, tysk og engelsk kvalfangst som dominerte, medan den landbaserte overvintringsfangsten kom med russiske pomorar på 1700-talet og vart vidareført av nordmenn frå 1800-talet med ein kraftig nedgang etter andre verdskrig. Reve- og bjørneskinn, samt ærfugldun, var hovudinntektskjelda frå fangstoppholda. Fugl, fisk og sel vart brukt til mat og hundemat.

Mange liv gjekk tapt på grunn av vitaminmangel og ulykker på den vêrharde øygruppa. Medan dei fleste berre overvintra éin gong, vart nokre få så glade i livsforma at dei vart i opp mot 30-40 år. Dei fleste overvintrarane var menn, nokre få var kvinner. Etter at Noreg fekk suvereniteten på Svalbard, med Sysselmannen som øvste representant for Noreg og handhevar for loven, vart fleire utrydningstruga dyr freda. Dette var, saman med store øydeleggingar under andre verdskrig, medverkande til nedgang i fangstaktiviteten.

LES OGSÅ: Hyllar Svalbard med film

Fangststasjon Austfjordnes nord på Spitsbergen. Foto: Anders Magne Lindseth

Tre aktive fangststasjonar
I dag er 314 fangsthytter registrert rundt om på øya – alt frå tuft til brukbar hytte. Austfjordneset er den einaste hytta som vert lånt ut av Sysselmannen, med det mål å ivareta den gamle fangsttradisjonen. I tillegg er to fangstmenn aktive på Svalbard i privateigde hytter, den eine driv på sin 39. sesong på rad. Det er strengt regulert av Sysselmannen kor mange som får lov til å drive fangst. Dyrebestandane i fangstområda vert nøye følgt opp av Sysselmannen, og var mellom anna grunnen til at Austfjordneset fangststasjon sto tom nokre sesongar før det igjen kom fangstmenn dit i 2014. Frå revisjonen av Svalbardmiljøloven i 2012 heiter det at «det ikke er ønskelig å utvide kretsen av personer som eventuelt kan få særrettigheter som fangstfolk». Altså er det ei eksklusiv verksemd Gard og Bård no går inn i.

LES OGSÅ: Truga kvalross på opptur

Kom gjennom nålauget
Da Sysselmannen lyste ut fangstmannstillinga i haust, var det åtte lag med til saman tretten personar som søkte.

Gard fortel at han visste at det var fleire gode søkjarar, og hadde ingen større forventningar om at dei skulle veljast ut. I søknadsprosessen vart det spurd mykje om den eitt år lange seglturen dei to var med på i 2012 – over Atlanterhavet, via det amerikanske kontinent og til Grønland. Korleis takla dei utfordringar saman? Korleis takla dei å vere tett på kvarandre? Båe hadde brei jakterfaring, noko som òg vart vektlagt. Dei kom vidare til neste intervjurunde. Den dagen svaret skulle ha kome, lét det vente på seg.

– Eg var sikker på at dei andre hadde fått ja, seier Gard.

– Og at Sysselmannen berre venta på at dei skulle bestemme seg. Overraskinga var stor da vi fekk beskjed om at det var vi som hadde trekt det lengste strået.

LES OGSÅ: Bli med der verda smeltar

Å leve av landet
Kva gjer ein på fangst?

Gard fortel litt om planen gutane har, delvis basert på planane andre fangstmenn har hatt før dei. Fyrste prioritet vil bli å hogge nok ved til heile året. Og sidan Svalbard berre har tre som er opp til nokre cm høge, er rekved løysinga. Gutane har med mykje slipeutstyr og ekstra kjeder, da rekveden frå Sibir har store mengder mikroskopisk grus vaska inn i seg.

Seljakt er like viktig som ved, hundane har berre tørrfôr for ein månad. Ærfugldun skal samlast frå reir når fuglane forlét dei på forsommaren. Deretter går det slag i slag med reinsdyr, kortnebbgås, teist, svalbardrype, havhest og polarrev.

Her er i grunn lite forandra frå korleis «gamlekarane» gjorde det. Og ser ein stort på det, vil nok det meste i kvardagslivet til Bård og Gard vere slik som kvardagslivet til «storkarane» Hilmar Nøis, Henry Rudi og Arthur Oxaas var da dei var på fangst for hundre år sidan.

Jakt, fellerøkting, fellereparering, utstyrsvedlikehald og skinnpreparering. Den største forskjellen frå den gongen er kanskje at nokre dyr er freda, at noko av fangstutstyret er meir moderne og at ein i nødsfall kan få kontakta folk og henta vêrmelding via satellittar.

Polarrev fanga i jernfelle da underteikna assisterte på revefangst i fjor vinter. Felletypa gutane kjem til å bruke er meir tradisjonell med ein trelem, åtselpinne og steinar. Båe typene har høg klappvekt og reven døyr momentant.

Viktig med tid for seg sjølv
Kjerna i tilværet – å vere langt frå folk, stort sett heile året – er stort sett lik. Korleis kjennes det å skulle vere så isolert?

– Eg er sjølvsagt spent på det, men trur det skal gå greitt så lenge vi har noko å drive med, trur Gard.

Han og Bård har frå seglturen og gjennom mange års venskap lært kvarandre godt å kjenne. Dei har levd tett saman på lite areal og tidvis langt frå folk. Båe meiner det er viktig å ikkje «gå oppå kvarandre» for mykje, og har difor med seg nok hundar og sledar til at dei kan dra av garde med kvar sitt spann på jakt og fellerøkting. Dei ventar òg besøk nokre gongar i løpet av året. I haust kjem det kajakkpadlarar innom, til jul kjem Sysselmannen på julebesøk og til våren er det nokre venar som har varsla sitt inntog. Så gjeld det at det passar, dei to sit nok ikkje med kaffikoppen i utide når både dyr og folk treng mat. Gutane har fleire bistasjonar dei vil turnere ut til, og kan godt vere både travle og borte frå hytta ein god del av tida. – Det er bra om ein kan meldast på satellittelefon om når det passar, seier Gard.

LES OGSÅ: Ny varmerekord på Svalbard

Forventningar til is og mørketida
Korleis er forventningane rundt den nye kvardagen som snart skal kome?

– Eg er så klart spent på isen, seier Gard. Den siste vinteren har det vore rekordlite is i arktis, og Austfjorden har vore isfri unormalt store delar av vinteren. Klimaendringane går fortare i arktis enn i resten av verda. Dette kjem av at store område som tidlegare har vore dekka med reflekterande kvit is, no har mørkt og ope hav som tiltrekker seg meir varme. For dei to gutane vil fjordisen bety mykje, både for den isbaserte seljakta og for hundesledekøyring ut til revefellene på land. Gard er og spent på korleis mørketida vil påverke han. Han har opplevd den nattsvarte mørketida på Svalbard før, men å tilbringe ho på ei lita hytte vert noko anna enn i Longyearbyen. Det flotte, lokale folkebiblioteket har i alle fall utstyrt gutane med nok av fangstlitteratur til lange, mørke vinternetter.

LES OGSÅ: Fleire isbjørnar på Svalbard

– Fullt mogleg å leve som fangstmann
Kva kostar det med eit slik år?

– Sjølve bruken av hytta og båttransporten betalar vi ikkje for, fortel Gard. Heller ikkje jakta. Det som har kosta mest for gutane er maten og alt utstyret.

– Omtrent 100.000 kroner per person.

Kan gutane forvente å gå i pluss?

Vi spør Elise Strømseng, som saman med Tommy Sandal driv verksemda «Svalbard Fangst» knytt til Akseløya fangststasjon, ein av dei to andre fangststasjonane som – forutan Austfjordnes – er i drift i dag.

Ho fortel at fangsten deira lønar ein person fulltid og i tillegg kan de lønne sesongarbeidarar om de har behov for dette. Det har tatt nokre år å bygge opp bedrifta og å få drifta lønsam, men på sikt meiner dei to at omsetninga kan vere nok til å løne to personar fulltid. Ifølgje Elise er det i dag kjøtprodukt og matvarer, samt ærfugldun, som er hovudinntektskjelda. Slik sett har mykje forandra seg frå før i tida, då det var skinn frå isbjørn, sel og rev som gav største inntekta.

– Isbjørnen og kvalrossen er freda, etterspørselen etter pels har endra seg.

– Berekraft og hausting av eit overskot er viktig prinsipp for fangstfolk, og i lite reproduktive reveår lét Tommy fangstterreng for rev kvile. Etterspurnaden etter lokale råvarer frå Svalbard si villmark stor.

– Det er fullt mogleg å leve av fangst i dag. Kanskje til og med betre enn før i tida, seier Elise.

(Kjelder: Norsk Polarinstitutt, boka Svalbards historie av Arlov, Elise Strømseng i Svalbard Fangst, boka Birds and Mammals of Svalbard av Kovacs og Lydersen)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE