Vil skape ein reparasjonskultur for elektronikk

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 19.12.2018 17:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil skape reparasjonskultur for elektronikk

– Folk blir veldig glade når dei har fiksa noko. Når ein har opna ein laptop og sett kva komponentar som er på innsida, og vore med på å finne feilen, får folk eit anna forhold til elektronikken sin, seier Kaja Juul Skarbø, prosjektleiar i Restarters Norway.

Sidan 2016 har Restarters arrangert 20 fiksefestar på bibliotek, teknisk museum, ombruksstasjonar, kjøpesenter og andre stader. Fram til no er det i Oslo dei har vore aktive. No ønsker dei å spreie arrangementet til fleire stader i landet.

Å tilgjengeleggjere reparasjon av elektronikk

Konseptet er at alle som vil, kan møte opp med småelektronikk som er øydelagt, for å få hjelp til å fikse det. Arrangementa er opne for alle, og har vore populære heilt sidan oppstarten. Frå januar 2019 tek dei sikte på å arrangere opp til to fiksefestar i månaden i Oslo-området.

Noko av grunnen er at folk ofte har høgare terskel for å skulle reparere elektronikk enn andre produkt.

– Ein har jo forum for å reparere syklar, klede og alt anna. Men det fanst ikkje ein sånn arena for å fikse småelektronikk frå før. Med elektronikk trengst det ein litt annan type kompetanse. Om noko blir øydelagt, så er det ofte litt enklare å kjøpe ny, seier Skarbø.

Frå fiksefest på Deichmanske bibliotek i januar 2017. Foto: Kim André Hansen

Ein fiksefest skal ikkje vere som å levere på ein verkstad, men arrangementa er meint som ein sosial arena der folk møtast på tvers av generasjonar. Ein stad der ein saman kan utforske elektronikk og reparere. Både dei som fiksar og dei som kjem med elektronikken.

Over 40 millionar tonn EE-avfall

Mengda av elektrisk og elektronisk avfall på verdsbasis nådde i 2014 heile 41,8 millionar tonn, ifølge ein universitetsrapport frå FN.

Anja Ronesen er marknads- og kommunikasjonssjef i EE-returselskapet Renas. Foto: Simon Skreddernes

– EE-avfall er på verdsbasis den største aukande avfallsskategorien. Nordmenn er ikkje noko sinke når det gjeld å kjøpe og bytte ut i høgt tempo. Det er dessverre trenden. Det må jo vi forhalde oss til på avfallssida, seier Anja Ronesen i Renas, eitt av dei to største returselskapa for EE-avfall her til lands.

Ho legg til at det er ei kjensgjerning at produkta har kortare levetid enn tidlegare. TV-ar i dag har ikkje gått igjennom same testane som før i tida, for dei er venta å vare så kort.

Difor prøver dei å sette fokus på produkt med lang levetid. Ronesen fortel at mange har tatt til orde for å innføre ei sirkularitetsmerking. På same måte som med energimerking.

– At produktet kan bli merka med om det finst reservedelar, kor lang levetid produktet har, om det skal kunne byttast batteri, skjerm, kva enn det måtte vere i ei viss tid. Det er ein tanke ein kunne innført. Pris er ikkje eit kvalitetsstempel som det kanskje var tidlegare, seier Ronesen.

Store miljøkonsekvensar

– Grunnen til av vi fokuserer på forbruk av elektronikk spesielt, er det at reparasjon følest meir utilgjengeleg for folk å få til sjølve. Og i Noreg kjøper vi 2,5 millionar mobiltelefonar i året, seier Skarbø i Restarters.

Utvinning av råmateriale, store miljøødeleggingar frå ein del utvinningsgruvar, og at produksjonen krev store mengder kjemikaliar, vatn og Co2-utslepp, er faktorar som òg gjer produksjonen av mykje EE-avfall problematisk.

Trengst ei endring i måten vi ser forbruksmønsteret vårt

– Det krevjast nokre endringar for at vi skal kunne oppretthalde det digitale samfunnet, seier Skarbø i Restarters.

Ho meiner det trengst endring i måten vi ser forbruksmønsteret vårt på. Fiksefestane skal vere ein arena der det er gøy å lære.

– Det er ei handling som skaper refleksjon. Og vi ser at folk reflekterer rundt at dei vil ta godt vare på tinga når dei er reparerte. Dei er med sjølve og får oppleve at produktet deira kan leve lenger om ein gjer små grep.

Frå fiksefest på Deichmanske bibliotek i 2017. – Å kunne reparere istaden for å kjøpe nytt kan vere noko gøy og lærerikt ein kan gjere saman, seier Kaja Juuul Skarbø i Restarters Norway. Foto: Kim André Hansen

– Kva erfaringar har de med fiksefestane?

– Vi som driv fiksefestane erfarer at folk blir meir opptekne av å ta vare på tinga sine når dei har vore med og reparert dei, seier Skarbø.

For mange er elektronikk ein svart boks der ein ikkje veit kva som er på innsida.

– Det skal vere ein positiv del av den sirkulære økonomien, ein økonomi som det foreløpig blir snakka mykje om men som det framleis trengst mykje tilrettelegging for å oppnå.

Skarbø anslår at dei fiksar om lag 70% av det dei får inn. Det som ikkje kan reddast, viser dei korleis ein leverer inn riktig.

Les også: Her hamnar E-søppelet ditt

Trur på at handling skapar haldning

På ein gjennomsnittleg fiksefest får dei inn 40-50 gjenstandar og har om lag 80-100 deltakarar. Ut ifrå det, bereknar dei at dei har fiksa 50 kg eletronikk og «reddar» ca 100 kg Co2 fordi folk ikkje kjøper nytt.

– Vi vil aldri kunne ta vekk volumet av alt avfall som blir produsert med desse fiksefestane. Men vi trur veldig på at handling skapar haldning, og vil vise folk at det er mogleg å få elektronikken til å leve litt lenger, seier Skarbø.

At det er så stor interesse for fiksefestane og dei positive tilbakemeldingane dei får, er noko organisasjonen ønsker å bruke og å vise til politikarar og næringsliv.

– Vi vil vise at dette er noko som folk ønsker, og at meir reparasjon trengst på vegen mot ei endring mot sirkulær økonomi og berekraftig samfunn. Vi jobbar òg for at kommersiell reparasjon skal bli meir tilgjengeleg, seier Skarbø.

I januar arrangerer Restarters ny fiksefest. Da deltek dei på opninga av Oslo europeiske miljøhovudstad 2019.

Les også: – Fleire og fleire innser at dei ikkje treng å eige

Elektriske og Elektroniske (EE-) produkt

  • Sammensett gruppe produkt som t.d. støvsugarar, komfyrar, tv-apparat, Pcar, mobiltelefonar, lysstoffrør, kablar og ledningar.
  • Når EE-produkt blir kasta, blir det ein samansett miks av materialar og komponentar som kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff.
  • EE-avfall inneheld og verdifulle ressursar som t.d. sjeldne metall. Desse er viktige å ta hand om, så dei kan bli brukte om igjen i nye produkt.
  • Kjelde: Miljøstatus.no