Ole Martini er første leiar av Vestland Unge Venstre: – Me er distriktsoptimistar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til kamp mot sukkeravgift og for karbonskatt

– Gratulerer med vervet! Kvifor meiner du det er behov for Unge Venstre i fylkespolitikken i vest?

– Unge Venstre er det einaste liberale alternativet for unge og engasjerte sjeler i vest. Vi er diskriktsoptimistar og nynorsk-venner. Og me ønskjer å gjere det enklare å velje grønt – også i distriktet. Vi står på for fritt skuleval, ein framleis desentralisert skulestruktur og billegare og meir koordinert kollektivtransport. Ikkje minst er det behov for Unge Venstre i fylkespolitikken fordi vi gong på gong dyttar Venstre i ein meir liberal retning.

– Kva synest du om fylkessamanslåinga?

– Det er eit viktig liberalt prinsipp å fordele makt og ressursar over heile landet. Derfor er premisset med regionreforma bra, men sjølvsagt ønskjer eg at vi får tilført endå fleire oppgåver frå staten enn det som har blitt foreslått. Slik unngår vi ein ubalanse, der staten sentraliserer vekk regionale arbeidsplassar.

LES OGSÅ: Sidemålssiger på landsmøtet til Unge Venstre

Samfunnsengasjert frå ung alder

Trass ung alder har Ole Martini allereie hatt relativ lang fartstid i politikken. Martini har blant anna erfaring som tidlegare leiar i Eid ungdomsråd, leiar i ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane og leiar i Eid Unge Venstre. I dag studerer han rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

– Kva fekk deg til å engasjere deg i Unge Vestre?

– Den liberale ideologien som ligg til grunn i Unge Venstre var hovudårsaka til at eg byrja å engasjere meg i organisasjonen. At staten ikkje skal kunne blande seg inn i alle avgjerdene ein tar meiner eg er viktig. Foreldra mine som vaks opp i Aust-Tyskland opplevde nemleg mykje rart under det kommunistiske styret og dette prega meg sjølvsagt som barn. Å velje eit liberalt parti som står for openheit verka derfor heilt naturleg for min del.

Til kamp mot sukkeravgift og for karbonskatt

Årsmøtet i Vestland Unge Venstre har vedtatt to fråsegner, der éin av dei ønskjer å fjerne sukkeravgifta. Årsmøtet meiner blant anna at avgifta er dårleg utforma då den omfattar ting som sukkerfri brus, men ikkje kjeks og kaker. Den andre fråsegna ønskjer å greie ut og teste Karbonskatt til fordeling (KAF).

– Kvifor meiner du KAF er ein god idé?

– Karbonskatt til fordeling er ein ny måte å tenkje miljøpolitikk på. Til forskjell frå dagens CO2-avgift skal ikkje inntektene gå direkte til statskassen. Pengane skal i staden for delast ut til innbyggjarane gjennom kontantutbetalingar.

– Liknande skattar har blitt prøvd ut fleire plassar i Canada, der ein ser at det har hatt ein positiv gevinst for miljøet og lommebøkene til folk. Om vi skal ha ein sjanse til å nå 1,5-gradersmålet frå Paris-avtalen er vi nøydde til å tenkje nytt.

LES OGSÅ: Klimaavgift kan kutte talet på sauer kraftig

Fritt skuleval

Martini legg til at det vil vere naturleg for fylkeslaget å kjempe for fritt skuleval i det nye fylket under valkampen.

– Vi ser at det er viktig for ungdomen å få høve til å utforme sine eigne liv. Fritt skuleval vil derfor bli svært viktig for oss i valkampen, avsluttar Martini.

LES OGSÅ: Leiaren i Elevorganisasjonen: – Ser ikkje gode alternativ til fritt skuleval

Det nye styret i Vestland Unge Venstre består av:

  • Leiar: Ole Martini frå Eid, 19 år
  • Første nestleiar: Marius Hellan Hindenes frå Lindås, 17 år
  • Andre nestleiar: Dina Bovim frå Flora, 16 år
  • Styremedlem: Ingemar Stirling Gundersen frå Bergen, 18 år
  • Styremedlem: Elias Slåtten frå Jølster, 17 år
  • Styremedlem: Ole Magnus Njåstad Nynes frå Askøy, 20 år
  • Styremedlem: Ingebjørg Flyum Bjørlo frå Eid, 18 år