– Klimaavgift kan kutte sauebestanden kraftig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimaavgift kan gi mindre pinnekjøt

Talet kjem frå utrekningane om CO2-avgifta som ligg til grunn for eit forslag frå Grøn skattekommisjon og som er utarbeidde av økonom og landbruksforskar Klaus Mittenzwei i NIBIO, skriv Nationen.

– Avgifta eller støttekuttet blir høgare for sau ettersom utsleppa per kilo kjøtt er høgare der, ifølgje våre utrekningar. Små utslag i lønnsemda gir store utslag. Det kan nok vere modellen overdriv litt, men effekten er klart størst på sau, seier Mittenzwei.

Med utsleppsnivået han har lagt inn for norsk sau, blir avgifta nærare 12 kroner per kilo lammekjøtt. Han seier det er små forskjellar på om det blir ei avgift eller eit kutt i støtta.

LES OGSÅ: Kan sauen redde verda?

– Begge delar gir mellom 60 og 80 prosent reduksjon i sauetalet. Utslaga for storfe blir mindre, men eg trur det blir større reduksjon for ammekyr enn modellen legg opp til, seier Mittenzwei.

Ifølgje ein rapport frå Grøn skattekommisjon er det venta ein reduksjon på 10– 12 prosent i talet på årsverk, men at matproduksjonen målt i energiinnhald kan haldast oppe ved å legge om til poteter, korn, gris og kylling. (©NPK)

LES OGSÅ: Føreslår auka skatt på bil og kjøt