35.000 barn lever i «humanitært mareritt» etter snøstorm

På måndag slo stormen Norma innover Libanon, og øydela både vegar, telt og hus. Midt i kaoset lever 70.000 syriske flyktningar. Halvparten av dei er barn.

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 13.01.2019 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimaendringar har utløyst fryktelege forhold for dei syriske flyktningane i Libanon. Desse familiane lever i telt, med klissblaute klede og eigendelar i temperaturar under frysepunktet, sa formann Dr. Hussam Al Fakir i UOSSM, Union of Medical Care and Relief Organizations, i ei pressemelding dagen etter stormen.

Medisinar, rullestolar og anna utstyr vart vaska vekk med flaumen.

– Barn, eldre, uføre og sårbare kjem ikkje til å overleve mykje lenger utan å bli flytta til varme og tørre omgjevnadar. Dette er eit humanitært mareritt og det vil kreve ein enorm innsats å nå alle desse leirane i tide, sa Al Fakir då.

Les også: Krigen i Syria fører til sjølvskading og sjølvmordsforsøk blant born

Hjelpemannskapet slit med å kome fram

– Det er ein veldig alvorleg og akutt situasjon, seier Gro Kirkeby i Flyktninghjelpen, til Framtida.no fredag.

Tre dagar etter stormen jobbar framleis lokale organisasjonar og myndigheter på spreng med å få ut hjelp til dei som er ramma. Øydelagte vegar og store snømengder gjer det vanskeleg å nå fram, men gravemaskiner er sett inn i arbeidet.

Fleire internasjonale hjelpeorganisasjonar har også starta innsamlingsaksjonar på Facebook. På to dagar har Flyktninghjelpen fått inn nesten 200.000 kroner. Dei skal gå til å organisering av nødhjelp, varme tepper og reint vatn.

Tydeleg at folk vil hjelpe

– Den norske befolkninga viser stor gjevarglede, og det er tydeleg at dei vil hjelpe, seier Kirkeby.

«Midt i stormen ble et lite barn hjulpet til verden», skriv Røde Kors på si Facebook-side. Dei har fått inn litt over 100.000 kroner det siste døgnet.

Videoen under er frå dei nordlege delane av Syria, som vart råka av eit liknande uvêr i slutten av desember. 

Den kaldaste vinteren på mange år

Denne vinteren ser ut til å bli den kaldaste og våtaste på mange år. Fredag ligg temperaturane på rundt tre minusgrader. Det er ikkje uvanleg at det er kuldegrader og snø i Libanon på denne tida av året, men den spesielle situasjonen med sterke vindkast skapar utfordringar i teltleirane.

– Er det fare for liv på grunn av vêret? 

– Ikkje direkte på grunn av kulda, men heile situasjonen har blitt forverra. Folk har mista både heimane sine og dei få eigedelane sine, og mange står på berr bakke, seier ho.

11.000 menneske er blant dei hardast ramma. Fleire har blitt evakuert til nærliggjande område, der ein er avhengig av at lokalsamfunnet opnar skular og andre bygningar for å få tak over hovudet.

Les også: Far og dotter køyrde til Syria med klede

Slik såg det ut i leiarane i Libanon etter at stormen hadde lagt seg. Foto: Flyktninghjelpen

Har vore på flukt i åtte år

Totalt lever det 1,5 millionar syriske flyktningar i Libanon. 17 prosent av dei, altså 255.000, bur i det som vert kalla uformelle teltleirar.

Den libanesiske regjeringa vil ikkje opprette formelle leirar, fordi ifølgje deira lov vert syrarar og palestinarar ikkje rekna som flyktningar, men som “midlertidige gjestar”.

Flyktningane må derfor altså betale for eigen bolig, eller bu i uformelle leirar. Rundt 80 prosent av syriske flyktningar leiger boligar, noko som gjer situasjonen endå meir krevjande for mange, fordi dei må ha pengar til husleige.

FN har estimert at omkring halvparten av telta i leirane er i elendig stand.

– Bilda fortel ikkje heile historia, det er så mykje meir som du ikkje kan sjå: Å leve i åtte år på flukt pregar deg, seier ein 60 år gamal syrisk flyktning til Flyktninghjelpen. 

Vanskeleg å få media til å dekke kriser

– Blant anna NRK har dekka saka sidan dei første meldingane kom på måndag, men det er ofte vanskeleg å få nok merksemd rundt krisene me jobbar med, seier Kirkeby.

– Det er ofte det me klarar å skape av engasjement på sosiale media sjølv, som gjeld. Derfor er veldig takknemlege for at folk bidreg slik at me kan hjelpe endå fleire.

Les meir om: Krigen i Syria

Sjå fleire bilde frå leiren her: 

Foto: Flyktninghjelpen

 

Foto: Flyktninghjelpen

Foto: Flyktninghjelpen

Foto: Flyktninghjelpen