Unge Aila Kordo (13) frå Husnes fekk seg ei ugløymeleg og farefull ferd med klede til Syria.

Trude Aarsand, Kvinnheringen
Trude Aarsand, Kvinnheringen

Saka var først publisert i Kvinnheringen. 

Sjølv om ho reiste med far sin, Abdulhai Kordo, betydde ikkje det at alt var trygt for den unge jenta. Likevel er ho utruleg glad for at ho gjorde alvor av å hjelpa til. Familien Kordo veit kva det er å leva med krig. Dei flykta sjølve frå krigen i Irak tidleg på 2000-talet.

– Pappa reiste til Norge først. Mamma, bror min Laith (15) og eg reiste til Syria, der vi budde frå eg var eitt til fire år. I 2006 reiste vi til Norge, pappa og Husnes, fortel ho.

Familien er godt integrert i miljøet. Aila går i åttande klasse på Husnes ungdomsskule og snakkar Husnes-dialekt like lett som andre husnesjenter. På fritida spelar ho fotball og lærer pianospel av Eli Haugan i kulturskulen. Ho hugsar ikkje noko frå Irak, men frå Syria har ho minne, gode minne frå tida før krigen i landet.

– Eg har både slekt og kjende i Syria. Framleis har eg kontakt med ei god barndomsveninne derfrå. Ho har det trygt i Dubai no, seier Aila.

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt 

Varmt hjarte
For familien Kordo er det hjarteskjerande å høyra om det som skjer i Syria. Om den enorme flukta frå landet, om menneske som blir forfølgde, drepne, manglar mat og klede og har det utrygt på alle måtar. Alle dei innfløkte konfliktane og opprørsgruppene rundt president Bashar al-Assad kan gjera kven som helst motlaus.

– Eg føler at Syria òg er landet mitt, derfor gjer det ekstra vondt at folket i landet lir, seier Aila.

Og derfor ville ho hjelpa til. I september tok familien initiativ til å samla inn klede til dei kriseråka i Syria. Som vi tidlegare har skrive om kom det inn store mengder klede og også økonomisk støtte til transporten.

– Bilen var ikkje stor nok til å få plass til alt. Derfor la vi sommarkleda til sides til det vi håpar blir neste tur, fortel ho.

LES OGSÅ: Krigen i Syria vil vara lenge 

Vanskeleg reise
Aila og pappa Abdulhai sette seg i ein leigd varebil laurdag 3. oktober for å ta fatt på den om lag 4.500 km lange reisa sørover til Syria. Planen var å bruka haustferieveka på turen, men det viste seg å ta to og ei halv veke før oppdraget var utført og Aila og Abdulhai var trygt tilbake på Husnes. Undervegs støytte dei på mange typar problem, både i samband med grenseovergangar og uhell med bilen. Pappa Abdulhai og dottera måtte takla varierande skjer i sjøen. Spesielt baud innreisa til Tyrkia på problem. Ved grensepasseringa vart dei dirigerte til å køyra i ei rekkje av store trailerar. Ein av desse rygga rett på bilen deira.

– Det var frykteleg ekkelt, men ikkje verre enn at vi kom uskadde frå det og kunne køyra bilen vidare, fortel Aila.

Verre var det at dei måtte opna bilen og visa kva som var inni ved den same grensa. Følgja av det vart at det etterpå var uråd å få alt tilbake på plass i bilen.

– Mange av kleda måtte plasserast rundt meg i framsetet. Det var berre så vidt eg hadde pusterom.

Dermed måtte dei to tenkja nytt igjen. Løysinga vart at far køyrte Aila til ein onkel i Istanbul, medan han køyrte vidare åleine. Til Syria kom han ikkje, berre til Mersin i Tyrkia. Her kom ein bil frå ein syrisk hjelpeorganisasjon og henta kleda.

– Kvifor brukte de ikkje ein hjelpeorganisasjon frå starten av?

– Fordi vi ville vera sikre på at hjelpa kom i rette hender.

– Gjorde ho det?

– Ja, det har vi fått dokumentert med bilde, smiler Aila.


Heller ikkje då Aila hoppa av i Istanbul kunne ho kjenna seg heilt trygg. Fleire gonger heldt ho på i bli påkøyrt i den travle trafikken. Her blir ho berga av søskenbarnet sitt. (Privat foto).

LES OGSÅ: Vil hjelpa flyktningar i Hellas 

Sterkt møte
Aila vart plukka opp igjen i Istanbul og heimturen kunne starta – uvitande om kva som skulle koma. Dei køyrde innom eit flyktningområde i Makedonia for å sjå korleis det gjekk føre seg når hordar av flyktningar møter eit nytt land. Det vart eit sterkt møte. Synet som møtte dei var mange hundre flyktningar i ein fortvila situasjon og dårleg kledde for det kalde og våte vêret den dagen. Eldre menneske, born åleine, fedrar med fleire born, ein gut på Aila sin alder saman med veslebroren sin, ein blind ungdom, menneske i rullestol, sjuke folk. Området var prega av kaos. Bilar, bussar, taxiar, hjelpemannskap og hundrevis av flyktningar som ikkje visste kor dei skulle, eller om dei ville klara seg.

– Møtet gav meg dårleg samvit fordi eg har vore heldig og har det godt. Korleis det vil gå med desse veit ingen. Eg stod der og kjende på at eg hadde alt – og dei ingenting. Når menneske tek ut på slik livsfarleg flukt, seier det mykje om kor vanskelege og håplause tilhøve dei kjem frå, meiner Aila.

Litt redd var ho òg, fortel ho.

– Det var lett å sjå at eg ikkje var flyktning. Eg følte alle stirra på meg, og lurte sikkert på kvifor eg var der. Det var litt skummelt.

– På kva måte?

– Eg visste ikkje kva dei ville. Vart redd for at dei ville ta meg, eller noko eg hadde.

– Kom desse flyktningane frå Syria?

– Mange kom frå Afghanistan og andre land. Nokre kom frå Syria, men ikkje så mange som sa at dei gjorde det. Eg trur mange tenkte at syrarar var prioriterte.

Dramatisk på motorvegen
Aila og faren kom seg vidare, litt tyngre til sinns enn før møtet med Makedonia. Det viste seg at dei skulle gjennom endå ei skilsetjande oppleving på vegen, men av ein heilt annan type. I ein fart på 140 km/t på ein motorveg i Serbia eksploderte plutseleg det eine bakhjulet, samtidig som bremsane svikta. Kanskje som følgje av skaden bilen fekk då han vart påkøyrt i Tyrkia.

– Eg vart ganske redd då dette skjedde. Pappa greidde heldigvis å manøvrera bilen trygt ut på vegskuldra, fortel dottera.

Far fekk ringt etter redningsbil. Etter mange timar og ein kostbar reperasjon kunne dei endeleg setja kursen mot Husnes igjen. Tysdag 20. oktobers kunne dei pusta letta ut heime.

Takknemleg
– Lærte turen deg noko?

– Eg er blitt langt meir takknemleg for at familien min og eg er trygge og har det bra. Husnes har tatt svært godt imot oss, bror min og eg har norske vener og både mamma og pappa er i jobb, seier den glade jenta.

Aila fortel vidare at foreldra av og til snakkar om å flytta til eller nær Oslo, der dei har både slekt og vener, men Aila håpar det ikkje blir noko av.

– Eg er glad i Husnes. Her kjenner eg meg heime, og her er det mange som har betydd noko for meg og som eg derfor er glad i. Derimot flyttar eg truleg når eg blir vaksen, røper ho.

– Bestemte planar?

– Ja. Planen er å reisa til USA for å studera til lege. Etter det kan eg godt tenkja meg å slå meg til i Los Angeles. Det blir alle tiders, seier den målbevisste 13-åringen.

Plass til fleire
– Synest du Kvinnherad bør ta imot fleire flyktningar, for eksempel frå Syria?

– På det kan eg ikkje svara anna enn ja. Eg vil at fleire skal få det like fint som eg har det. Vi høyrer av og til om at menneske frå andre land gjer lovbrot. Svært synd, ikkje minst fordi det øydelegg for alle dei skikkelege menneska som er komne til Norge. Derfor har eg lyst å be alle som kjem hit om å oppføra seg skikkeleg. Eg vil ikkje akseptera at få skal øydelegga for mange, slår ho fast.

Før vi avsluttar samtalen med denne positive og målbevisste jenta, spør vi om ho tok skrekken av turen med klede til Syria, eller om ho kan tenkja seg ein tur til.

– Eg kan absolutt tenkja meg å gjera det igjen. Det blir fleire turar, men neste gong er det nok bror min Laith (15) sin tur. Den lange reisa var strevsam, sterk og langvarig. Då eg kom heim fekk eg dessutan mange skulelekser å ta igjen. Likevel seier eg det var verdt det!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE