Krigen i Syria fører til sjølvskading og sjølvmordsforsøk blant born

– Det internasjonale samfunnet har svikta, seier leiar i Redd Barna Ungdom.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krigen i Syria øydelegg borna

Krigen i Syria har vart i seks år, og om lag 3 millionar born lever i område der det ofte vert nytta eksplosive våpen. Ein ny rapport viser korleis krigen påverkar den psykiske helsa til desse borna.

«Majoriteten av borna vi snakka med viser teikn til alvorlege mentale påkjenningar», skriv den humanitær organisasjonen Save the Children i rapporten Invisible Wounds.

Langvarig krig, stress og usikkerheit får umiddelbare og svært øydeleggjande konsekvensar på borna, slik som sjølvskading, sjølvmordsforsøk og aggresiv og tilbaketrukken oppførsel.

Saknar skular å gå til
Save the Children er ein internasjonal paraplyorganisasjon som inkluderer norske Redd Barna. Saman med lokale samarbeidspartanrar har dei samla utsegn og synspunkt frå 458 syriske born, ungdommar og vaksne. Intervjua vart utført i løpet av januar og februar 2017.

Karoline Nylander, leiar i Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press, meiner at rapporten viser eit kraftig brot på borns rettar, og også eit brot på retningslinjer for rettferdig krigføring.

– Det internasjonale samfunnet har svikta i å sikre born ein trygg kvardag der dei kan gå på skule, skriv Nylander i ein epost til Framtida.no.

Sidan krigen starta har det vore nesten 4000 angrep på skular i Syria. Ein lærar i byen Madaya fortel i rapporten at borna er psykologisk knuste og trøytte. Borna responderer ikkje på songleikar, og dei ler ikkje som dei pleier.

Når 15-17-åringar vart spurt om kva som ville vere med på å betre tilhøva deira, var det mest vanlege svaret at dei ynskte seg skular som dei kunne gå til jamnleg, og som var trygge å gå til.

Skular er viktige for å gi unge ei framtida og gjere at dei når måla sine. Ungdommane Save the Children intervjua klarte ikkje å sjå føre seg ei lukkeleg framtid utan fred, sikkerheit og utdanning.

LES OGSÅ: Syriske Mohammad (24) speler opplevingane sine på scena

– Ekstreme traumer
Borna har sett vener og familie døy framføre augene deira. Dei har sett skular og sjukehus bli øydelagt, blitt nekta mat, medisinar og livsviktig hjelp, og blitt rivne frå familiane sine medan dei flyktar frå kampane.

Dei siste seks åra er over 400 000 menneske drepne. Om lag 13,5 millionar menneske i Syria har behov for naudhjelp. 6 millionar av desse er born.

Emil André Erstad er rådgivar for internasjonale spørsmål i tankesmia Agenda. I fjor gav han ut boka Farvel, Syria. Om eit folk på flukt. Han er ikkje overraska over funna som er presentert i rapporten.

– Å komme frå ei krigssone utan å få hjelp i form av skule, omsorg eller helsetilbod, skapar ekstreme traumer og stress, seier han til Framtida.no.


Emil André Erstad er ikkje overraska over funna i rapporten om borna i Syria. Foto: 
Gjermund Øystese.

Ein tapt generasjon
– Det er ein tapt generasjon av born. Dei har ingen framtid med den manglande politiske viljen som er no, seier Erstad.

Erstad meiner at det internasjonale samfunnet må bidra med betydelege økonomiske midlar til nabolanda Tyrkia, Libanon og Jordan som tek imot flyktningane. Pengane må følgjast opp med krav om at dei respekterer rettane som syrarane har til helse, skule, opphald og arbeid.

– I tillegg trengs det massive hjelpetiltak i lokalsamfunna som kan legge til rette for at flyktningane kan bu der i mange tiår framover, seier han.

Alt håp er ikkje ute
Save the Children trur ikkje at det er for seint for borna i Syria, og oppfordrar partane i krigen til å stoppar alle angrep på sivile og ikkje ta i bruk eksplosive våpen i befolka område. Dei insisterer også på at partane må einast om eit sett med tiltak for å beskytte borna som lever i Syria.

Organisasjonen understrekar at å svikte den mentale helsa til desse borna også vil få store ringverknader for heile Syria si framtid.

– Skriv lesarinnlegg
Press-leiar Karoline Nylander meiner det er viktigere enn nokon gang at unge står saman for å finne felles løysingar på konfliktar som rammer borna hardast. Ho oppfordrar ungdommar i Noreg til å vise engasjement.

– Ungdom kan engasjere seg i arbeidet med FNs sikkerhetsråd sin resolusjon om «ungdom, fred og sikkerheit» og kreve å få ta del i arbeid med fredsforhandling, fredsbygging og post-konflikt arbeid, seier ho.

Erstad oppfordrar òg unge i Noreg til å legge press på norske politikarar.

– Skriv lesarinnlegg, organiser demonstrasjonar og få i stand møter for å snakke fornuft til politikarane, seier han.

Les meir om Syria