Framtida
Publisert
Oppdatert 13.01.2019 21:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

16. august 1897 drog skipet «Belgica» frå Antwerpen på den første reint vitskapelege ekspedisjonen til Antarktis. Dette var den første turen til Roald Amundsen til Sørishavet.

Johan Koren frå ein ekspedisjon i 1903. Foto: Nasjonalarkivet

Lettmatros Johan Koren frå Fredrikstad var enno ikkje fyllt 18 år då han la ut på reisa. Riksarkivet har dagboka til Koren frå ekspedisjonen, rikt illustrert med teikningar av natur og menneske han møtte undervegs.

Sjå video over!

I januar 1898 nådde «Belgica» kysten av Graham Land. Dei sigla mellom fastlandet og ei lang rekkje øyar i vest, Antarktiske Arkipel. Etter å ha gjennomført over tjue ilandstigingar og kartlagt og namngjeve ei rekkje øyar, kryssa dei polarsirkelen 15. februar 1898.

Dei lukkast ikkje i å finne ein veg inn i Weddellhavet, og 28. februar vart ekspedisjonen som var leia av Adrien de Gerlache fanga inne i isen i Bellingshausenhavet nær Peter I Øy.

Dei blei tvinga til å tilbringe vinteren i Antarktis.

«Belgica» oppankra ved Mount William på Anvers Island. Foto: Wikipedia

Overvintring

Ekspedisjonen var dårleg utstyrt og hadde ikkje tilstrekkeleg med vinterklede for alle menn. Det var knapt om mat, og den maten dei hadde var lite variert.

«Belgica» innefrose i isen. Foto: Wikipedia

Pingvinar og selar vart drepe og kjøtt lagra før vinteren sette inn. Klede vart sydd av dei materiala som var tilgjengelege.

Den 17. mai byrja mørketida, som varte til 23. juli.

De Gerlache mislikte det ferske pingvin- og selkjøttet og forbaud mannskapet sitt å ete det. Ei rekkje menn byrja å vise symptom på skjørbuk, og de Gerlache og Lecointe var så dårlege at dei skreiv ned testamenta sine. To besetningsmedlemmar viste teikn på sinnsjuke, og moralen var elendig. Mange var ikkje lenger tilreknelege.

Frederick Cook og Roald Amundsen overtok kommandoen sidan de Gerlache og Lecointe var så hardt råka av skjørbuk at dei ikkje var i stand til å utføre oppgåvene sine.

Vitamin C vart ikkje oppdaga før i 1920-åra, men basert på røynsla si med Robert Peary i Arktis var skipslegen overtydd om at ferskt kjøt var rett medisin mot skjørbuk. Han henta fram det frosne pingvinen- og selkjøttet og insisterte på at alle måtte ete litt av det kvar dag.

Sjølv de Gerlache byrja å ete kjøtet, og langsamt kom alle seg til hektene igjen.

Amundsen og Knudsen fjernar det øvste laget av isen for å betre saging av det harde, nederste laget. Foto: Frederick A. Cook/Nasjonalbibliotekets arkiv

Brukte dynamitt

Ekspedisjonsruta i Antarktis. Illustrasjon: Wikipedia

Fleire tøffe månader følgde. Forsøk på å frigjere skipet og mannskapet frå isgrepet mislukkast. I januar 1899 var «Belgica» framleis innesperra i to meter tjukk is, og utsiktene til nok ein vinter i isen vart reelle. Ope farvatn var om lag éin kilometer unna, og Cook foreslo å lage ei råk for å få «Belgica» frigjort. Det avkrefta mannskapet nytta dynamitt og tilgjengeleg verktøy for å lage ein kanal. Den 15. februar byrja dei å forflytte skipet mot ope hav, men først den 14. mars var dei klar av isen.

Ekspedisjonen var tilbake i Antwerpen 5. november 1899. Tilhøva hadde vore svært krevjande, men trass i dette hadde ekspedisjonen lukkast i å samle inn store mengder vitskapleg material.

Etterspel

Belgica-ekspedisjonen blir enno rekna som ein av dei viktigaste polarekspedisjonane. Det var den første omfattande vitskaplege ekspedisjonen til det antarktiske kontinentet, og gjennom den 377 dagar lange drifta i isen vart det for første gongen gjennomført omfattande meteorologiske observasjonar over ein periode på meir enn éit år.

Adrien de Gerlache leia ekspedisjonen. Foto: Wikipedia

Det vart samla inn eit mangfald av ukjende planter og geologiske prøver, og for første gongen vart straumtilhøva på den antarktiske kysten undersøkt. I tillegg vart vestkysten av den antarktiske halvøya og mange øyar grundig kartlagt.

Med denne informasjonen kunne ein lage eit meir nøyaktig bilete av Antarktis. Dette var til stor nytte for seinare ekspedisjonar, leia blant anna av Ernest Shackleton, Robert Falcon Scott og Roald Amundsen.

Dagboka kan du lesa på Digitalarkivet!

Kjelde: Arkivverket og Wikipedia