Målungdommen Håkon Remøy har avslutta Netflix-abonnementet sitt. Les kvifor.

Håkon Remøy, bloggar og Målungdom
Håkon Remøy, bloggar og Målungdom

For ei stund sidan sende eg Netflix ei kvitring.

 

Eg fekk diverre ikkje noko svar på henne. Men eg fann ein som hadde kvitra åt dei tidlegare, og han fekk svar:

 

LES OGSÅ: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg

Det verkar som Netflix har teke ei medviten avgjerd om ikkje å nytte nynorsk, og at det ikkje skuldast mangel på nynorskingar som kan tekste seriane og filmane deira. Det syner manglande age for språket mitt, og eg vel difor å avslutte abonnementet mitt hjå Netflix. Eg kjem truleg ikkje til å verte kunde att før dei byrjar å nytte nynorsk ogso.

For å klårgjere, so krev eg ikkje at alt skal vere på nynorsk, men at dei som tekstar skal ha høve til å nytte nynorsk. Folk bør trass alt få møte språket sitt, bokmålingar hadde sett House of Cards om det so var teksta på nynorsk.

Men det er heilt utruleg at dei stengjer ute nynorsken. Ein får berre vone at dei skjerpar seg.

Og attåt, so kan eg nemne at eg nokre gongar har reagert på at dei ikkje til ei kvar tid har halde seg til offisiell bokmålsrettskriving heller. Det har til tider vore ord som berre går innunder den uoffisielle riksmålsrettskrivinga, mellom anna har dei til tider nytta “nu” i Archer (og då oppfatta eg det som adverbet, ikkje som substantiv).

Slepp nynorsken til, Netflix!

LES OGSÅ: – Dei ristar av seg nynorskbrukarane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE