«Magnus» imponerer kritikarane

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først på trykk i Vest-Telemark blad.

Vidar Magnussen, kjent frå «Side om side» og «Snøfall», spelar politimann Magnus Undredal i serien, som blir omtala som genial, absurd og vanvittig smart.

Kritikarane i riksavisene er frå seg av begeistring etter dei to fyrste episodane, og VG trillar ein seksar på terningen. Det er sjelden vare etter kvart.

VG-anmeldar Tor Martin Bøe skriv: «Adjektivet «ellevill» brukes altfor høyfrekvent når man skal omtale det som helt åpenbart ikke har ordinær bakkekontakt. I virkeligheten er nesten ingenting «ellevilt». Når man skal beskrive denne nye NRK-serien er «ellevilt» derimot det eneste dekkende begrepet. Faktisk vil jeg hevde at Vidar Magnussen (…) og regissør Geir Henning Hopland (…) redefinerer grensene for «ellevill», og nærmest gjenoppfinner hva norsk humor kan være.»

Les også: Har vore ei sjuk læringskurve å spele i Heimebane

Ein snodig politibetjent

Politimannen Magnus Undredal skal løyse ei drapssak som har funne stad på Dalen hotel (i serien er me i den oppdikta bygda Frestad) og gjer det på sitt heilt eige vis. Då VTB besøkte produksjonen den veka dei spelte inn på hotellet i fjor, fortalde produsent Anders Tangen i Viafilm at hovudkarakteren er ein snodig kar.

– På eit vis blir dette ei blanding av den rosa panteren og den for tida populære amerikanske serien «Stranger Things», fortel Tangen.

– Serien tek også for seg erkenorske fenomen som troll, i tillegg til science fiction, heldt han fram.

Han sa også at Dalen var eit enkelt val for produksjonen.

– Me ville ha eit høgfjellshotell som bakteppe, og syntest Dalen Hotell passa fint. I tillegg har me filma utandørsscener rundt Dalen, med fjell og dalsøkk, som vart fine naturbilete, seier Tangen.

I tillegg rosa han lokalbefolkninga sin innsats som statistar.

– Alltid når me rykker inn lokalt er me heilt avhengige av hjelp og støtte frå dei som bur på plassen me skal filme. I dette tilfelle har alle vore til særs god hjelp. Både ordførar, reiselivsnæring og innbyggjarar, held han fram.

Les også: Stadfestar ny sesong av «Lovleg»

Lokale andlet på skjermen

Reiselivskonsulent i Tokke, Synne Aasland, var sjølv på plass under store delar av innspelinga. Ho fortel at ho har sett den fyrste episoden alt.

– Ja, dette er stas. Eg har vore inne og sett første episode på nett-TV alt, eg klarte ikkje å vente. Den var kjempebra! Det er veldig moro å ha vore vertskap for denne fine gjengen og produksjonen. Dette er god reklame for Dalen og Tokke. Eg er veldig kry no, seier ho.

Dei lokale statistane dukkar opp både her og der i løpet av serien, og i fyrste episode er det mellom anna barn og unge frå Tokke skule og Vest-Telemark vidaregåande skule som dukkar opp på skjermen.

– Heile bygda og vel så det mobiliserte og stilte opp, så det var heilt fantastisk. Det er mange lokale statistar som no får sjå seg sjølv på TV, og ikkje minst blir det moro for skuleborna og ungdommane vil eg tru, som fekk ein skuledag litt utanom det vanlege, seier Aasland.

Les også: Siste sesong av Game of Thrones startar i april