Norske skodespelarspirar har no sjansen – til neste år filmar Netflix ein ny serie med norsk tale!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Til neste år startar Netflix produksjonen av sin første norskspråklege dramaserie, melder NRK i dag.
Rushprint skriv at handlinga er lagt til den oppdikta staden Edda, og vil føregå på ein vidaregåande skule på den norske landsbygda. Det skal vere ei moderne oppveksthistorie med røter i norrøn mytologi.
Kor førebudd er du? Test dine kunnskapar om norrøn mytologi her.
Er Edda på Vestlandet?
Serien skal bestå av seks episodar, og det er den danske manusforfattaren Adam Price og produksjonsselskapet SAM Productions som står bak. For norske sjåarar er Price mest kjent som skaparen av den danske TV-serien Borgen, eit drama om den første kvinnelege statsministeren i Danmark.
Det førebels einaste norske innslaget er Simen Alsvik. Han var regissør for NRK-serien Lillyhammer, og står no oppført som forfattar og medprodusent på den nye Netflix-satsinga.
Samstundes melder NRK at strøymegiganten dei siste vekene har leita aktivt etter innspelingsplassar både på Vestlandet og i Danmark. Sidan serien skal vere på norsk ser Netflix også etter norske og skandinaviske skodespelartalent.
Les også: Strøymetenestene gløymer nynorsk
Klimaendringane: Det moderne «Ragnarok»
I norrøn mytologi er Ragnarok namnet på æsane, menneskeslekta og verda sin undergang.
I ei pressemelding den danske kringkastaren DR syner til, seier produsent Adam Price at også handlinga vil spegle dette.
– Serien tek utgangspunkt i ei problemstilling som ikkje berre menneske i Norden, men over heile verda, i aukande grad vert tvungne til å halde seg til: klimaet vårt. Gjennom dei seinaste åra har det vore i veldig endring, seier han.
– Nokon kan kanskje påstå at vi er på veg mot eit nytt ragnarok. Med mindre nokon grip inn, avsluttar den danske produsenten.
Les også: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje