Norges Bondelag reagerer kraftig på at regjeringa føreslår at over halvparten av klimakutta i landbruket kan skje ved å redusera produksjonen av storfe.
Nynorsk Pressekontor

– Kuttforslaget vil innebera 60.000 færre kyr, ein nedgang på 20 prosent av dei 300.000 vi har i dag, seier seniorrådgjevar Anders Huus i Bondelaget til Nationen.

Huus meiner forslaget også føreset at folk må leggja om kosthaldet sitt kraftig. Dersom ein skal nå klimakutta til regjeringa innan 2030, må kvar innbyggjar ifylgje Huus i snitt redusera forbruket av storfekjøt med 5,9 kilo.

Redusert støtte eller avgift på raudt kjøt blir nemnt som to moglege tiltak for å få ned produksjonen av storfekjøt. Bondelaget fryktar resultatet kan bli auka import.

– Då overfører vi utsleppa til andre og norsk landbruk må blø, seier Huus.

Både han og leiaren i Norges Bondelag, Lars Bartnes, ser alvorleg på forslaget. Organisasjonen fryktar konsekvensane kan bli at 2.900 bruk blir lagt ned og store økonomiske tap – ikkje minst med tanke på at mange har investert mykje i nye fjøs for storfe for å auka produksjonen.

 

Oppdatert: onsdag 10. oktober 2018 13.57

LES OGSÅ

ANNONSE