Norske apotek tomme for viktige medisinar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ifølgje Stavanger Aftenblad først og fremst legemiddel som blir brukt av store pasientgrupper det er mangel på, til dømes blodtrykksmedisinar, blodfortynnande medisinar og medisinar mot lågt stoffskifte. Hundretusenvis av nordmenn er avhengige av desse.

– For pasienten fører det til uvisse. I meir alvorlege tilfelle har eg opplevd at pasientar ikkje kunne behandlast for kreft fordi medisinen ikkje var å oppdrive, seier fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk.

Les også: Helsepersonell reagerer på trend med full narkose til barn hos tannlegen

Sel produksjonsrettane til mindre firma

Han meiner mangelen har mange årsaker, men at ein av dei viktigaste er at dei store lækjemiddelfirmaa sel produksjonsrettane til dei legemidla dei ikkje lenger er interesserte i, til mindre firma med større leveringsuvisse. Manglane rammar i stor grad eldre og veletablerte medisinar og kopimedisinar.

– Eg er veldig bekymra og skuffa over legemiddelindustrien, som ikkje har betre kontroll over produksjonen av lækjemiddel. Å lage legemiddel inneber forpliktingar overfor pasientane, seier Madsen.

I 2016 vart det meldt om 191 tilfelle av legemiddelmangel i Noreg, i 2017 358 tilfelle og i 2018 heile 684 tilfelle. Madsen fryktar at 2019 kan bli endå verre.

Les også: No er det slutt på helsesøster