Helsepersonell reagerer på trend med full narkose til barn hos tannlegen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi blir meir pysete. Ting skal ikkje gjere vondt lenger, og folk flest vil ha det tilnærma friksjonsfritt. Òg hos tannlegen, seier anestesilege Patrik Karimi til Varden.

Han set kvar veke narkose på pasientar som skal få tannbehandling, og fortel at foreldre ber om full narkose til barna.

– Dei er redde for at barnet skal få vondt. Men det er mykje verre å ta narkose enn å fikse ei tann med hol i, seier Karimi, og påpeikar at mens tannbehandling ikkje er dødeleg, kan ein faktisk døy av narkose.

Les også: Åtvarar mot ungdom sitt storforbruk av smertestillande

Ei enkel løysing

Fylkestannlege Turid Kristoffersen seier det er uheldig at narkose under tannbehandling hos barn og unge er vorte ei «enkel» løysing for at ein ikkje skal ha det vondt.

– Narkose er eit alvorleg inngrep på barn, og det er ikkje utan helserisiko, seier Kristoffersen.

Sidan 2014 er det gitt narkose over 200 gonger kvart år i snitt i samband med tannbehandling, og legane understrekar at mange har gode grunnar.

– Funksjonshemma, eldre og tilfelle av omsorgssvikt blir sjølvsagt prioriterte, saman med anna akutt, seier Karimi.

Les også: Ein av tre droppar tannlegen grunna kostnaden