Tørka som ramma Norge – kan vi vente oss fleire slike somrar?

Janne Merete Bøyum
Publisert
Oppdatert 07.01.2019 08:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meteorologar og klimaforskarar samla seg fredag, 4.januar, i Oslo for å oppsummere vêr- og klimaåret 2018. Dei vurderte òg om fjoråret er representativt for klima i framtida.

På arrangementet lanserte Meteorologisk institutt, i samarbeid med NVE, rapporten «Tørkesommaren 2018» om tørka som ramma Noreg i fjor sommar.

Uvanleg langvarig og omfattande tørke

Ein av hovudgrunnane til det tørre vêret i fjor sommar, er eit høgtrykk som låg over Skandinavia i lengre periodar. Dette høgtrykket blokkerte for lavtrykka som vanlegvis bringer med seg nedbør frå vest innover våre område.

Rapporten syner at det mest uvanlege med tørka i 2018 var at den ramma så store område, at den varte så lenge, og temperaturen var mykje høgare enn normalt.

Det som gjorde den uvanleg, og alvorleg er:

  • Den tørre og varme perioden var ekstra lang, og ramma eit stort område.
  • Gjennomsnittstemperaturen for mai, juni, og juli vart rekordvarm, med 3,2 grader over normalen for Norge.
  • Perioden mai – juli vart uvanleg nedbørfattig. Det var den fjerde tørraste mai-juli-perioden som er registrert i Norge.
tørke i danmark

IKKJE BERRE NORGE: Tørka var ikkje berre alvorleg for Norge. I heile Nord-Europa var det ekstra varmt sommaren 2018. Her er eit bilete frå rapporten som viser vegetasjon Slagelse i Danmark. Foto: Den Europeiske romfartsorganisasjonen (ESA)

Les også: Derfor var klimatoppmøtet ekstra viktig i år

Menneskeskapt varme

At temperaturane vart så høge kan knyttast til klimaendringane. Menneskeskapte klimagassutslepp gjer at verda stadig blir varmare, og den globale oppvarminga kjem på toppen av dei naturlege temperaturvariasjonane. Det gir stadige fleire hetebølgjer og varmerekordar, står det vidare i rapporten.

Seniorforskar ved Meteorologisk institutt, Rasmus Benestad, sa i haust at hetebølgja ikkje var tilfeldig:

– Vi ser eit globalt mønster der varmerekordane kjem meir enn dobbelt så ofte som vi ville forvente om klimaet var stabilt.

Rapporten tar også føre seg kva konsekvensar tørka førte til: den ekstreme skogbrannperioden i Noreg nokon sinne, grunnvasstanden og vassføringa var ekstremt låg, og jordbruket vart hardt råka.

Les også: Verda kan bli meir enn tre grader varmare med klimaavtalen

Ekstremnedbør i vente

Klimaforskarane har også teke føre seg om neste sommar blir like varm og tørr, og korleis somrane i framtida blir: Rapporten seier at nedbøren vil auke, og at det vert rekna med fleire ekstremnedbørhendingar.

Men nedbøren om sommaren reknast å endre seg lite, og nedbøren fordampar raskare når det er varmt. Difor må vi vere forberedt på at det kan verte meir alvorlege tørkesomrar i Sør-Norge i framtida, meiner klimaforskarane.

Kor mykje hugsar du eigentleg frå rekordsommaren? Ta quizen her.

Her kan du sjå video-opptak frå rapportlanseringa «Klimastatus 2019»: