No kan du søkje om pengestøtte til å plukke søppel

Det er no mogleg å søkje økonomisk støtte frå Miljødirektoratet til å rydde søppel langs strender, elvar og vassdrag. Tilskotsordninga til tiltak mot marin forsøpling er i år på 65 millionar kroner.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No kan du få pengar til å plukke søppel

– Interessa for å vere med å rydde marint søppel dei siste åra har vore overveldande. Vi håpar mange vil vere med å rydde i 2019 også, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ho oppfordrar alle som har ein god idé til eit prosjekt for å rydde søppel på strender og langs elvar og vassdrag, om å søkje støtte frå Miljødirektoratet.

Frivillige kan søkje støtte til koordinering av ryddeaksjonar og transport og innlevering av marint avfall til godkjent mottak, inkludert fjerning av eigarlause fritidsbåtar.

Les også den djuptgåande saka frå NUPI Skole om plast i havet: Kor omfattande er denne forsøplinga, og kva kan vi gjere?

Kan søke om pengar til å arrangere workshop og kampanjar

Prosjekt som har ein førebyggjande effekt kan også få støtte. Det gjeld til dømes informasjons- og rettleiingsmateriell, haldningskampanjar og workshops.

Ein kan også søkje om støtte til metodeutvikling som bidreg til meir effektiv opprydding av marin forsøpling over heile landet.

Fristen for å søkje om støtte er 31. januar 2019.

Les også: Greta (15) under klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje