Press-leiaren håpar at regjeringa i 2019 vil setje born sitt beste først

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva har gledd deg mest dette året?

– At Stortinget i vår vedtok fleire forslag frå rapporten vår Prosjekt Perfekt for å redusere kroppspress blant barn og unge, og at maksgrensa på 10 000 kroner for familiar på asylmottak vart fjerna i statsbudsjettet.

Les også om då Press, saman med ungdomspartia, tok saka i eigne hender og markerte reklame rundt om i Oslo.  

– Kva har skuffa deg mest?

– At Stortinget i haust vedtok å ikkje gje asylsøkjande born med avslag på asylsøknaden tilbod om skulegang fram til utsendingsdato. Når ein får endeleg avslag på asylsøknaden, mister ein retten til vidaregåande opplæring, men mange må likevel verte i landet av ulike grunnar i fleire månader etter dette.

Det er urettferdig og diskriminerande at ein ikkje får gå på skule medan ein ventar på utsending!

Les også: Som ny torde ho ikkje å gå på møte i Natur og Ungdom. No blir ho leiar i Press

– Kva er ditt største ønske for 2019? 

– At Press får endå fleire medlem, og at politikarane vil setje barn sitt beste først når dei tek avgjersler.

Les også: Press vil ha slutt på midlertidig opphald for mindreårige asylsøkarar