Sju av ti elevar opplever ungdomsskulen som stressande

Ei ny undersøking viser at mange elevar i ungdomsskulen lèt seg stresse av prøvar. For tre av ti går det ut over nattesøvnen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Universitetet i Søraust-Noreg har spurt om lag 700 ungdomsskuleelevar om psykisk stress og uro i skulekvardagen. Resultata blir omtalt av NRK.

Sju av ti av dei spurde opplever skulearbeid som stressande, mens tre av ti engstar seg i så stor grad at dei søv dårleg natta før prøvar.

Undersøkinga viser òg at jenter slit i større grad enn gutar.

Gapet mellom prestasjonsevne og krav for stort

– For nokre elevar blir gapet mellom eiga prestasjonsevne og kravet og forventingane til skulen for stort, seier professor i pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg Marie-Lisbet Amundsen. Ho står bak studien saman med professor Per Einar Garmannslund.

– I slike situasjonar vil ein reagere på ulike måtar. Mens nokre gir opp, kan andre slite seg heilt ut i forsøket på å prestere like godt som sine jamaldrande, seier ho.

Les også: – Det er så mange som ikkje høyrer etter når ungdom snakkar