Slik vil den nye målungdomsleiaren «make nynorsk great again».

Faktaboks

Fredrik Hope

Alder:  23

Frå: Hyen i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

Studerer/jobbar med: Studerer bachelor i bibliotek og informasjonsvitskap på Høgskulen i Oslo og Akershus, jobbar som nestleiar i Norsk Målungdom

Favorittfag på skulen: Historie

Første verv: I Norsk Målungdom: Leiar i Firda Målungdom, Elles: Styremedlem i Hyen Ungdomslag

Medlem i: Noregs Ungdomslag, Natur og Ungdom, Noereh, Norsk Bibliotekforeining og so Norsk Målungdom, for å nemne nokre. 

Kva gjer du i fritida/hobby: Eg spelar fele og hardingfele, og freistar å vere onkel for dei kjekke onkelungane mine so ofte eg kan

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det må verte lettare å verte nynorskbrukar, og lettare å vere nynorskbrukar i det norske samfunnet, skriv Fredrik Hope i ein e-post til Framtida.no.  

Fyrste helga i april vart 23-åringen frå Hyen i Gloppen kommune valt til ny leiar i Norsk Målungdom. Han går frå vervet som nestleiar og erstattar Synnøve Marie Sætre, som har leia organisasjonen dei siste to åra.

Me har spurt fjordingen om kva som tente elden og kva som vert dei viktigaste målslaga framover.

Minoritetsspråkforkjempar
– Kva er hjartesakene dine?

– Dei to viktigaste hjartesakene mine er nynorsk som fyrstespråk og dei norske minoritetspråka. Brukarane av dei samiske språka, kvensk, romani og romanes har lenge vore underkua av staten og storsamfunnet, og me lever enno med etterverkandane av fornorskingspolitikken. Viss staten, kommunane og fylka syner fram desse språka i fleirspråkeleg skilting og støttar språksamfunna slik at dei kan satse på språkrevitaliseringstiltak for born og unge, kan me enno berge desse språka, som er ein umisseleg del av verdas kulturarv.

I diskusjonar om nynorsk er det mange som tenkjer at nynorsk berre er sidemål, og gløymer dei rundt 600 000 personane som har nynorsk som sitt fyrstespråk. For dei er det viktig å sjå nynorsk i kvardagen, som det er for bokmålsbrukarane å sjå sitt språk kvar dag. Dessutan treffer eg stadig på elevar og vaksne som gjerne vil skrive nynorsk, men som av ulike grunnar ikkje gjer det.

– Kvifor er det bruk for Norsk Målungdom i Noreg?

– Fram gjennom heile nynorsksoga ser me at det går framover for målsaka når ungdom engasjerer seg, organsiserer seg og skulerer seg. Målungdomen har mange saker å gripe fat i for å styrkje nynorsken, dialektene og språkmangfaldet. Alt i frå praktiske utfordringar som at nettbrett-appar som vert nytta i skulen ikkje finst på nynorsk, og at kommunar nordpå ikkje skiltar på samisk og kvensk, til grunnleggjande utfordringar som at bokmålselevar byrjar for seint med sidemålsundervisinga og at vidaregåande skular i randsonene ikkje tek ansvar for at nynorskelevane skal halde på språket sitt. 

LES OGSÅ: Tiårsrekord i medlemstal for målungdommen

Glad i struktur og orden
Kva er dei viktigaste sakene dykkar i 2017?

Attåt at me sjølvsagt skal arbeide vidare med lærarutdanningane, skal me bruke året som kjem på å knuse nynorskmytar. Me skal skipe til kampanjen «Nynorsk myteknusar», og spreie kunnskap om og gode haldningar til nynorsk. Dessutan vil me halde fram arbeidet med å få ungdomspartia og vaksenpartia til å vedta best mogleg språkpoltikk, både før og etter valet.

Kva vil Norsk Målungdom merka av forskjell med deg som leiar?

– Eg har vore med i Norsk Målungdom heilt sidan eg gjekk på vidaregåande, og so eg har vore med i denne organisasjonen lengje og sett han frå både lokalt og sentralt plan. Det kjem nok til å forme korleis eg ter meg som leiar. Dessutan er eg jo bibliotekarstudent, og har lært meg å verte glad i struktur og orden. Men kva som skjer i den hektiske kvardagen, står att å sjå. Eg trur at eg og sitjande leiar, Synnøve, er ganske like både i prioriteringar og tenkemåtar. Målet er å byggje vidare på det gode arbeidet ho og føregjengarane våre har lagt ned, og å gje frå meg ein minst like god organisasjon når eg skal gje stafettpinnen vidare.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit fritt og folkestyrt samfunn, der biblioteka er mange, nynorsken står sterkt og folk har gode sjansar til å gå på dugnad.

LES OGSÅ: Snart får du elektronisk vitnemål på nynorsk – målungdommen jublar

«Make nynorsk great again»
– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg interesserte meg for nynorsk og dialekt. Etter kvart som eg vart meir engasjert, lærte eg meir og fekk fleire grunnar. I dag er hovudgrunnen at eg har so utruleg trua på nynorsken og ideane bak målreisinga. Å byggje eit norsk språk på alle dialektene, ikkje éi dialekt. Å byggje på folket sitt talemål, ikkje eliten sitt språk. Å take med oss den fagre arven frå fortida inn i framtida. Eit språk bygd på demokrati og danning – ein draum om at folk kan utvikle seg til frie og sjølvstendige menneske. Alle desse ideane er so gode, og er ei solid tuft å byggje framtidas språkpolitikk på.

– Korleis vil du «make nynorsk great again»?

– Den einaste måten å styrkje nynorsken på, og å få fleire til å velje nynorsk for seg sjølv og borna sine, er hardt arbeid. Me i Målungdomen kan ikkje gjere alt, men me skal gjere vårt for å få det offentlege til å take ansvar for språka våre, knuse nynorskmytar og kjempe nynorsken inn i appar, kommunar og læreplanar.

Les også dette innlegget frå påtroppande nestleiar, Elise Tørring:

«Studentane må få lære nynorsk!»

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.28

Kommentarar

ANNONSE