David Attenborough: Bli med, og «Act now» for miljøet!

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå scena under opninga av FN sin klimakonferanse i Katowice oppfordra den britiske kringkastaren og naturhistorikaren Sir David Attenborough ein konferansesal fullsett av nokre av verdas mektigste menneske om å «handle no».

– Vi møter ei menneskeskapt katastrofe av global storleik. Den største trugselen på tusenvis av år: Klimaendringar. Om vi ikkje handlar, så er kollapsen av vår sivilisasjon og utryddinga av mykje av den naturlege verda i horisonten.

På vegne av folket

Attenborough talte på vegne av kampanjen The People’s Seat. I førekant av klimakonferansen har menneske over heile verda hatt høve til å delta på avrøystingar, lage videoar og dele sine meiningar om klimaendringane ved å bruke emneknaggen #takeyourseat.

Den anerkjende britiske kringkastaren synte klimakonferansen resultatet.

Dette var beskjeden frå folket:  

Attenborough avslutta tala si med å seie at ikkje berre krev ålmenta handling, men folk over heile verda er også villige til å bidra, og det vil FN legge til rette for med sin nylanserte ActNow.bot.

Les også om 14 år gamle Penelope Lea som nyleg vann Frivillighetsprisen for sin innsats for miljøet.

Ein meldingsbot for klimahandling

Act Now-boten er ein interaktiv chatbot på Facebook Messenger. Det skriv FN i ei pressemelding. Målet er å gjere det endå enklare for folk å finne ut av korleis dei kan sjølve bidra til å sakke klimaendringane, dele erfaringar og samarbeid på tvers av kloden.

Chatboten skal føreslå kvardagslege handlingar ein enkeltperson kan utføre for å bevare miljøet. Det kan vere alt frå å ta kollektivtransport til å ete mindre kjøt. Alle tiltaka vert loggført på plattformen og delt med andre følgjarar for å oppmode fleire til å handle.

– Denne Facbook-chatboten vil hjelpe folk å lære om aktivitetar som reduserer deira karbon-avtrykk, og vise – og dele med vennane – korleis dei gjer ein forskjell, seier Alison Smale, FN sin visegeneralsekretær for global kommunikasjon.

Summen av alle desse individuelle klimahandlingane vert presentert på Klimatoppmøtet til FN sine generalsekretærar i september 2019.

Les også om chatboten «Rosa» som frå neste år av kan svare på alle spørsmål brystkreftråka har om sin eigen sjukdom.