Eldre menn og yngre kvinner mest aktive i politikken
Menn er oftare politisk aktive enn kvinner, og eldre menn er meir aktive enn yngre. Blant kvinner er det motsett. Der er det politiske engasjementet størst blant dei yngste.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det fortel Statistisk sentralbyrå (SSB) som har sett nærmare på Levekårsundersøkinga 2017 og deltakinga til befolkninga i organisasjonar.
Gjennomgangen viser altså at flest eldre menn er aktive i politikken. Blant menn som har fylt 67 år eller meir er 14 prosent medlem av eit politisk parti, og 4 prosent er politisk aktive.
Hos kvinner er det politiske engasjementet derimot størst i aldersgruppa 16–24 år, fortel SSB. Samtidig peikar byrået på at høgt utdanna kvinner i større grad er fagorganiserte enn menn.
- LES OGSÅ: Våg å utfordra politikarane
Dei siste tjue åra har likevel delen aktive medlemmer både i politiske parti og fagforeiningar gått tilbake.