Mål: 1724 innbyggjarar innan 2020

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konseptet «Lån ein lokal!» vart lansert ved førre Vinjerock. I år er dei lånbare vangsgjeldingane attende på festivalbiblioteket. Framtida.no freistar å gå forbi, men freistinga om å låne Torstein Lerhol vert for stor.

Sjå alt frå Vinjerock! 

Liggande engasjement
– Vangsgjeldingar er eit interessant folkeslag, nesten eigen rase. Dei har mykje patriotisme, engasjement og fantasi, seier heimflytta vangsgjelding Torstein Lerhol.

Senterpartipolitikaren frå Vang i Valdres er eit levande eksempel på engasjementet, trass i nokre fysiske hindringar. Han er styreleiar i bygdeutviklingsselskapet Innovangsjon, som vart starta i 2011 av Vinjerock og Vang Sparebank.

Sjølv er han heimflytta etter å ha budd og studert i Lillehammer og Trondheim. No er det Vang som gjeld. Han har ikkje fått på seg skjorta med Vangshjartet på, det vart ein sein kveld i går. Festival er festival.

LES OGSÅ: Lån ein Vangsgjelding! 

Høgdemetermål
I dag har innlandskommunen 1618 innbyggjarar, men trekk 3000 publikummarar til den årlege frilufts- og musikkfestivalen Vinjerock.

Bygdeutviklarane satsar like høgt som Grindafjellet nær Vang sentrum. Fjellets 1724 høgdemeter over havet er grunnen til den spesifikke målsettinga om 1724 inbyggjarar i 2020.

Torstein veit kva som bør lokke til heimstaden.

– Om du er glad i natur og vil oppleva eit lite og samansveisa miljø, om du vil jobba ni til fire, for så å spenne på deg skia, bør du flytta til Vang, meiner 28-åringen.

Torstein var sjølv på topptur førre fredag. Sju gode vener bar han opp på 1454 meter over havet til Hødntind. Skal han reklamere for Vang med naturen som trumfkort, må han sjølv oppleve han.

LES OGSÅ: Rettsinka Noreg 

Universelt utforma festival
Tilreisande nyt naturen Torstein og andre vangsgjeldingar er så glad i på Vinjerock, difor nyttar dei høvet til å reklamere. Både dei som spring til fjells og dei som har problem med det, er velkommne. Festivalen har ein eigen handycamp.

– Det er ein veldig inkluderande festival. Alt er tilrettelagt, så det er berre velstand, skryt Torstein.

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helsa

Vangsgjeldingen kan fortelja at medan mange kommunar slit med ei aldrande befolkning, har dei fått ungdommar inn, som har skapa eit vitalt miljø.

– Vinjerock er eit resultat av engasjerte ungdommar i Vang, som ville ha ein arbeidsplass heime.

Doktorgrad til fjells
I tillegg til heimflyttarar kjem nokre nye til.

Caroline Fleten frå Tyristrand har gjort vangsgjelding av seg. Og attpåtil vorte Innovangsjonsminister.

Då ho flytta hit frå Oslo for to år sidan, var ho i innspurten av ein doktorgrad og var skikkeleg lei av byen. Då bestemte ho seg for å flytte til ei hytte og gå tur om dagen og skrive om kvelden. Etterkvart fekk ho seg kjærast med vener på kjøpet, og jobb som dagleg leiar i Innovangsjon.

– Eg kjenner mange som tenkjer på å flytta frå byen, dei kjenner gjerne på eit press og at det er stress med alle tinga, men det er ikkje så vanskeleg som ein trur, oppmodar 32-åringen.

LES OGSÅ: Sagbrukmusikk på bygda

Ho har gode grunner for å busette seg i Vang.

– Eg likar naturen og gå lange turar. Det vert sosialt på ein anna måte, alle kjenner alle, på godt og vondt. Det sosiale har blomstra opp med yngre folk. Ein vert med på det som skjer. Det er mykje betre å bu på landet og ta heisatur til byen enn omvendt, seier Caroline, og får støtte frå Torstein.

Kaffisaknet
Det evige spørsmålet for urbane menneskjer som trekkjast mot rurale strok, er kaffi. Caroline medgjev at ho saknar Kaffibrenneriet.

– Men får eg valet mellom det og naturen, tek eg naturen, forsikrar ho, og legg til at dei har kafé med cappuccino i Vang.

Ho har òg gått til innkjøp av eigen espressomaskin og mjølkestimar.

– Elles har dei mykje bra på Elkjøp, skyt Torstein inn.

LES OGSÅ: Dansken som skal leia festival i fjellheimen