Midla er fordelte på 107 ulike forskingsprosjekt som eit ledd i å utvikle forskarar til å bli leiande innan sine felt.
NPK-NTB-Siri Sønstelie
NPK-NTB-Siri Sønstelie

Pengane blir delt ut gjennom ordninga Fri prosjektstøtte (FRIPRO), som er ein open konkurranse for forsking innanfor alle fagområde og tema. Forskingsrådet fekk 1.280 søknadar, og det var til slutt var 107 prosjekt som fekk pengar til å starte opp.

I 2019 er pengestøtta fordelt på medisin, helse og biologi, matematikk, naturvitskap og teknologi og humaniora og samfunnsvitskap.

Les meir om forsking her!

Satsar på unge

Unge forskarar har sidan 2013 vore eit viktig satsingsområde for Forskingsrådet, noko som òg viser seg i denne tildelinga. Totalt får 34 unge forskartalent fire til åtte millionar i inntil fire år.

– No får 34 av våre mest lovande, unge forskarar moglegheit til å forfølgje sine eigne idear, skape sin eigen forskingsveg og etablere ei eiga forskargruppe. Vi ser òg at mange av dei unge talenta våre lykkast på dei europeiske konkurransearenaene. Det tyder på at den norske satsinga på forskartalent og ypparleg forsking verkar, seier Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V)

Fem til ti millionar i inntil fire år blir i tillegg gitt til 58 prosjekt med erfarne forskarar, samtidig som det blir delt ut 15 mobilitetsstipend som gir rom for eit forskingsopphald ved ein utanlandsk institusjon.

Les også: Studie: Menneske kan kjenne att 5.000 ansikt

Søvn og lærevanskar

Ein av dei som har fått tildelt pengestøtte i 2019, er den unge forskaren Charlotte Boccara, som er postdoktor ved Institutt for medisinske basalfag ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på samanhengar mellom søvn, utviklinga til hjernen og lærevanskar.

Boccaras forsking kan få stor tyding dersom ho påviser ein fysiologisk samanheng. Enkelt forklart kan det gi grunnlag for å handsame søvnproblem framfor lærevanskar, og kan føre til strukturelle endringar, der det kan bli endra råd om til dømes søvn og skuletider.

Les også: Sov meir og få betre karakterar!

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE