Studie: Menneske kan kjenne att 5.000 ansikt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar frå universitetet i York i Storbritannia har lansert den første studien i sitt slag, publisert i tidsskriftet Proceedings of the Royal Society B.

– I kvardagslivet er vi vande til å kjenne att fjeset til venner, kollegaer, kjendisar og mange andre folk. Men ingen har slått fast kor mange ansikt folk faktisk kjenner, seier Rob Jenkins ved psykologifakultetet på universitetet.

Les også: Kan ha maks 150 «ekte» Facebook-vener

Frå 1.000 til 10.000 ansikt

Jenkins og forskarteamet hans bad deltakarane først skrive ned kor mange fjes dei kunne komme på frå privatlivet. Dei vart så bedne om å gjere det same med folk dei visste om, men ikkje kjende personleg. Deretter fekk dei sjå fleire tusen bilde av kjende menneske, to forskjellige bilde av same person, og vart spurt kven dei kjende att.

Forskarane fann eit enormt spekter av kor mange ansikt kvar person kunne hugse, alt frå 1.000 til 10.000.

– Vi fann ut at folk kan hugse rundt 5.000 personar i gjennomsnitt, seier Jenkins.

Øving gjer meister

Mens forskarane la vekt på ansikt folk faktisk kjenner, meiner dei enkelte menneske, med nok trening, vil kunne lære seg å kjenne att eit uavgrensa tal på ansikt.

Studien viser at ein hugsar mange fleire fjes enn det som har vore evolusjonistisk nødvendig: I tusenvis av år møtte mennesket truleg ikkje fleire enn nokre tital andre i eit heilt liv.

Les om Vigdis, som ikkje kjenner att andlet, og test om du sjølv er ansiktsblind:

«Eg er ansiktsblind. Det er difor eg plutseleg trur du er ein heilt annan»