Dette meiner ungdomspolitikarane om rasismeparagrafen

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Usamde om å fjerna rasismeparagrafen

Rasismeparagrafen er eit tilnamn til paragrafen i Straffelova om hatefulle ytringar (sjå faktaboks). I førre veke sa tidlegare leiar i Unge Mot Rasisme, Mina Adampour til Framtida.no at flesteparten av dei som var for å fjerna rasismeparagrafen ikkje representerte minoriteten.

– Dei har ikkje nødvendigvis kjent på kroppen korleis det kjennest å vera utsett for hatprat og rasisme. Det er enkelt for dei å seia at me ikkje treng lova, seier Adampour.

Mina Adampour. Foto: Piritta Räsänen

Leiar i Framstegspartiets Ungdom (FpU), Bjørn-Kristian Svendsrud meiner at utsegna til Adampours legg eit feil premiss for debatten.

– Både dei som har opplevd hatprat og rasisme og dei som ikkje har det må kunne ytra seg om grensene for ytringsfridommen. Rasisme og hatprat er ein uting som må motarbeidast, men for å gjera det må desse ytringane fram i lyset så me kan argumentera i mot, seier Svendsrud.

Han meiner at ein ikkje kan avskaffa rasisme ved å opprette ein paragraf som fortel folk kva dei ikkje skal få lov til å meina.

– Hat blir ytra trass i forbodet, dermed avlar hatet hat utan at nokon kan seia det i mot.

LES OGSÅ: Frykta er freden sin fiende

– Verkar mot hensikta

Unge Venstre (UV) er også for at rasismeparagrafen skal fjernast, og meiner at samfunnet må jobba for at ingen opplever hatprat og rasisme.

– Men det er ein kamp som må kjempast i skulen, sivilsamfunnet og gjennom eit offentleg ordskifte, seier leiar i UV, Tord Hustveit. Han syntest det er viktigare å motarbeida haldningane enn sjølve retorikken.

– Retorikk er jo berre ein måte å kle meiningar på. Me ser at høgreekstreme parti har endra retorikken sin for å unngå å bli dømt for rasisme, men sjølve haldninga er framleis den same, seier Hustveit.

Han meiner at rasismeparagrafen kan i verste fall virka mot sin hensikt.

– Politikare som Geert Wilders i Nederland og Jean-Marie Le Pen i Frankrike har ytra rasistiske synspunkt som har blitt dømt i ein domstol, og har nærmast fått heltestatus blant visse høgreekstreme grupper.

Argumenterer for paragrafen

Raud Ungdom (RU) meiner det er ein myte at rasismeparagrafen avgrensar den offentlege debatten, og at paragrafen må bli.

– Det er først og fremst menneskjer som har kome med djupt rasistiske utsegn som blir dømt etter paragrafen, ikkje menneskjer som deltar i en konstruktiv, men tidvis kontroversiell samfunnsdebatt, seier leiar i RU Linn-Elise Øhn Mehlen.

AUF er også for at paragrafen bør ligge fast.

– Med fleire på sosiale media og fleire debattplattformar trur eg alle kjem over hatefulle og rasistiske ytringar. Dette er ein trussel mot demokratiet vårt, seier leiar Mani Hussaini.

Me ser at høgreekstreme parti har endra retorikken sin for å unngå å bli dømt for rasisme, men sjølve haldninga held fram med å vera den same.

Vil straffa «likes»

Antirasistisk Senter og Sosialistisk Ungdom (SU) gav nyleg tommel opp til at «likes» på hatefulle og truande innlegg i sosiale media skal kunne straffast. Raud Ungdom er skeptiske.

– Me trur heller at me må fokusera meir på å følgje opp dei som skriv dei hatefulle ytringane på sosiale media, seier RU-leiar Mehlen. UV-leiar Hustveit er heller ikkje einig med SU.

– SUs tommel opp til å straffe «likes» på sosiale media er eit rart utspel. Lova blir jo tolka av domstolar, og slik den står i dag kan «likes» bli tolka som spreiing av hatefulle ytringar, seier han.

FÅ OGSÅ MED DEG: Nettaktivistar mot rasisme

Rasismeparagrafen (Straffelova, 2005)

§ 185. Hatefulle ytringer

 

Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring. Som ytring regnes også bruk av symboler. Den som i andres nærvær forsettlig eller grovt uaktsomt fremsetter en slik ytring overfor en som rammes av denne, jf. annet ledd, straffes med bot eller fengsel inntil 1 år.

Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres

a) hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse,

b) religion eller livssyn,

c) homofile orientering, eller

d) nedsatt funksjonsevne

Tilføyd ved lov 7 mars 2008 nr. 4, endret ved lov 19 juni 2009 nr. 74.