Den farlege rasismen

Salman Chaudhry, Nestleiar i Stord Sosialistisk Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Sleika imamar opp etter ryggen», «Islam: Den 11. landeplage» og «Me treng meir raseri, meir hat. Og det kjem».

Sidan regjeringa kom til makta, har retorikken i den offentlege debatten vorte kvassare. Trass i retorikken til Sylvi Listhaug, hadde Erna Solberg enno tillit til eks-statsråden. Hege Storhaug har vorte ynskt velkomen til å snakka ope om synspunkta sine i Klassekampen, og Hans Lysglimt vert invitert til å halda foredrag på Arendalsuka.

Sidan regjeringa kom til makta, har retorikken i den offentlege debatten vorte kvassare

«Ytringsfridom!», er appellen. Men for kvar gong Listhaug, Storhaug og Lysglimt opnar kjeften, vert nokon utsett for rasisme. Anten det er ein ufin slengkommentar eller rasistisk motivert vald.

Rasisme får konsekvensar! Politiet skriv i den årlege rapporten sin om hatkriminalitet at ein har fått over dobbelt så mange anmeldingar sidan 2014, og forventar ein markant auke framover. Der seier dei, mellom anna, at kritikk mot framandheit ofte vert møtt med påstandar om politisk korrektheit og referanse til ytringsfridom.

Ytringsfridomen er ikkje til for å forsvara kontroversielle standpunkt, men for å hindra forfølging for det ein meinar. Når minoritetar vert utsett for hets og må gå med valdsalarm for meiningane sine; fyrst då har me ein problematisk samfunnsdebatt.

Når minoritetar vert utsett for hets og må gå med valdsalarm for meiningane sine; fyrst då har me ein problematisk samfunnsdebatt

Difor bør ein alltid tenkja seg om to gonger før ein spreier utsegn som vert oppfatta framandfiendtleg. Her er det mange som ikkje er ansvaret sitt medvite. Når 39% meiner at muslimar utgjer ein trussel for norsk kultur, og kvar femte person ville mislikt å ha ein muslim i vennekretsen eller som nabo, så er ikkje rasisme noko ein kan oversjå lenger.

Det er på tide å møta rasismen på dei rette premissane og med fakta i botn. Det er på tide å ta eit standpunkt. Er du rasist eller antirasist?

Les også: Den erkenorske kvardagsrasisten og klimafornektaren