Professor fryktar nynorsk kan bli borte som rettsspråk
Dersom det ikkje blir gjort noko for å premiera bruken av nynorsk som fagspråk i akademia fryktar professor at nynorsk blir borte som rettsspråk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Om ikkje kursen blir endra, vil nynorsk som rettsspråk forsvinna om 20 år. Eg er alvorleg bekymra fordi så få studentar i dag vel nynorsk, seier professor og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Bergen (UiB) til universitetsavisa På Høyden.
Også Språkrådet er bekymra, og språkdirektør Åse Wetås etterlyser ei incentivordning.
Premieringssystemet må endrast
Han meiner den viktigaste grunnen til at fleire og fleire vel engelsk som publiseringsspråk er at forskarar blir premierte for kor mange artiklar dei skriv på engelsk. Øyrehagen Sunde meiner dette systemet må endrast.
– Så lenge du har insentiv til å skriva engelsk, må du ha det same for å skriva norsk og nynorsk. Elles gir det seg sjølv korleis utvikling vil bi, trass gode intensjonar, seier han.
Ein fersk rapport frå Språkrådet viser at knapt ti prosent skriv doktorgraden sin på norsk og under ein prosent skriv henne på nynorsk. Blant dei som skriv masteroppgåve er det 2 prosent som skriv på nynorsk.
Les også: – Juridiske tekstar betre på nynorsk