– Juridiske tekstar betre på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi som skriv bokmål har mykje å lære av nynorsk, særleg i det å skrive eit enklare og lettare tilgjengeleg språk, skriv Giertsen i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende torsdag.

Giertsen, som sjølv bruker bokmål, har i mange år rådd studentar som hadde nynorsk som hovudmål på vidaregåande til å fortsette med nynorsk når dei skriv juss. I jussen finst det færre kjelder på nynorsk enn på bokmål.

QUIZ: Prøv deg på den store juss-quizen!

– Dette gjer at dei som skriv nynorsk ofte får eit meir gjennomtenkt forhold både til dei juridiske omgrepa og til språket i det store og heile, seier Giertsen.

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, fortel at dei stilistiske ideala i nynorsk gjer det lettare å skrive klart og forståeleg.

LES OGSÅ: Vil ha fleire lovar på nynorsk

Ein annan nynorskentusiast ved juridisk fakultet i Bergen er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap. Han blei nyleg kåra til beste formidlar på fakultetet. Ifølgje Sunde avheng jussen mykje av eit omgrepsapparat som er utvikla på dansk, og noko tysk. Omgrepa har latt seg omsetje til bokmål, men ikkje til nynorsk.

– Juristar som bruker nynorsk må omsetje dei juridiske omgrepa til aktivt språk. Dette kan vere vanskeleg for ferske jusstudentar, men det er veldig lærerikt, seier Sunde. (©NPK)