Musikalen «Lazarus» er vårens storsatsing på Det Norske Teatret

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikalen «Lazarus» er blant David Bowies siste gåver til fansen. Samtidig med at han arbeidde med avskjedsalbumet sitt «Blackstar», skreiv han «Lazarus» saman med Enda Walsh.

Musikalen har vore vist både i New York og London, og har norsk premiere på Det Norskes hovudscene 11. mai. På scena står sterke namn som Pål Christian Eggen, Heidi Gjermundsen Broch, Lasse Kolsrud og Joachim Rafaelsen. Regien er ved Anders T. Andersen.

Trekker musikalsk linje tilbake til starten

– Med «Lazarus» trekker Bowie ein musikalsk boge frå «Blackstar» tilbake til den musikalske starten og den skakkøyrde sciencefictionfilmen «The Man Who Fell to Earth» der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976, skriv teateret i førehandsomtalen sin.

Teatersjef Erik Ulfsby seier at «Lazarus» passar Det Norske Teatrets profil når det gjeld å leite fram gode prosjekt som fører musikk inn i scenerommet.

– Tidlegare har vi løfta fram Tom Waits, The Smiths, Brecht/Weill for den delen, vår eigen Stein Torleif Bjella, Don Martin og Castro-brørne, og no er det David Bowies katalog som blir tolka. Med «Lazarus» trur eg at dei mange gode kreftene til teateret kan løfte materialet til noko som blir veldig tøft, seier teatersjef Erik Ulfsby, som tysdag slapp heile vårrepertoaret.

Les også: Skamma seg over å flytte heim til foreldra etter studia

Oslo-avtalen

Det har allereie vore kjent at Det Norske Teatret har sikra seg rettane til dramaet om Oslo-avtalen, ein avtale som vart inngått mellom Israel og palestinarane i 1993.

Teaterstykket er skrive av amerikanske J.T. Rogers, og vart ein kjempesuksess på Broadway der det henta inn fleire teaterprisar. «Oslo», som òg har vore vist i London, får norsk premiere 11. januar.

 «Oslo» er nok eit ledd i prosjektet vårt om å stille spørsmål knytt til store samfunnsdebattar. Her går vi bak ei av dei store og meir omdiskuterte fredsforhandlingane som nordmenn var med å legge til rette for. Det er ikkje utan humor trass i eit alvorleg og politisk betent bakteppe, seier Ulfsby.

Kjersti Daleside og Preben Hodneland har rollene som Mona Juul og Terje Rød-Larsen i “Oslo”, som rett over nyttår får norgespremiere på Det Norske Teatret. Foto: Eirik Malmo

Les også: Dobbeltdebut for Larsen og Kjosås

Mona Juul og Terje Rød-Larsen sentralt i stykket

Sentralt i stykket står det norske ekteparet Mona Juul og Terje Rød-Larsen, som i Det Norske Teatrets oppsetjing skal spelast av Kjersti Dalseide og Preben Hodneland.

Tredje premiere ut på hovudscena til våren blir Goksøyr & Martens nye stykke «Dottera», som får urpremiere 23. februar.

På hovudscena held òg knallsuksessen «The Book of Mormon» fram, som nyleg passerte framsyning nummer 200 og som blir spelt fram til St. Hans neste år.

Norske dramatikarar

På dei mindre scenene blir det mellom anna møte med sterke nynorskstemmer. Olaug Nilssens «Tung tids tale» i regi av Marit Moum Aune, har denne hausten vore ute på turné med Riksteatret, og blir frå 26. januar å sjå på Scene 2.

14. februar blir det urpremiere på Scene 3 på Agnes Ravatns «Operasjon sjølvdisiplin» med Charlotte Frogner på scena. Regien er ved Peer Perez Øian.

– Dette er ei framsyning for deg som ein gong hadde ei lys framtid, men som no er ein internettavhengig, nevrotisk, dvask og ulykkeleg tufs i tidsklemma, skriv teateret om Ravatns stykke.

På Scene 3 blir det òg urpremiere på eit stykke signert Tore Renberg. «Tante Jane» i regi av Fritjov Såheim blir å sjå frå 14. mars. Det blir skildra som «ein høgenergisk og kolsvart komedie». Marit Adeleide Andreassen har tittelrolla.

Les også: Siri (26) overlevde Utøya. Faten (23) var radikalisert. No står dei saman på scena

Urpremiere i Groruddalen

I juni blir det urpremiere på eit teaterstykke basert på ein av årets bestseljarar, debutant Zeshan Shakars «Tante Ulrikkes vei». Boka handlar om korleis det kan vere å vekse opp som barn av innvandrarar på Stovner i Groruddalen.

Debutant Zeshan Shakars suksessroman «Tante Ulrikkes vei» blir teater. Det Norske Teatret set opp stykket på Rommen scene i juni neste år. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Victoria Meirik har fått i oppdrag å setje det heile i scene, og stykket får urpremiere på Rommen scene i Groruddalen.

– Dette er eit stykke som eg trur vil bringe folk frå Groruddalen i teateret, og folk til Groruddalen for å oppleve den sterke forteljinga om dei to unggutane som veks opp her.

Vi ynskjer å lytte til dei som bur i Groruddalen, og går inn i eit samarbeid som vi trur vi kan dra vekslar på til glede for eit større og meir mangfaldig publikum, seier Erik Ulfsby.

Tysdag kveld kl. 18.00 sender Det Norske Teatret live på si Facebookside frå Scene 2 på Det Norske Teatret med teatersjef Erik Ulfsby som programvert og fleire aktuelle gjestar for vårens repertoar i studio. Då vil det og vere ein smakebit frå musikalen. 

Les også: Kåra beste Bowie-låt på nynorsk