Skamma seg over å flytte heim til foreldra etter studia

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har gjort akkurat det same som Mari. Flytta heim. Kjent på at eg har møtt meg sjølv i døra når eg treffer folk frå barndommen som seier: «Hæ, er du tilbake her? Det hadde eg aldri trudd».

Kristin Auestad Danielsen. Foto: Samlaget

Ei nederlagskjensle og skam ved å flytte heim til foreldra si sokkelleilegheit etter å vere ferdig med studia. Det har forfattaren hatt til felles med rollefiguren Mari i teateroppsettinga og romanen Vår vesle.

Likevel er det ikkje hennar eiga historie som no både skal framførast på scene 3 på det Norske Teatret og samtidig gjevast ut i bokform.

– Eg skriv ikkje om meg sjølv, men eg trur vil liknar veldig der, at det å flytte heim kjennast som ei nederlagskjensle og det at ein må starte litt på nytt, fortel forfattar og dramatikar Kristin Auestad Danielsen til Framtida.no.

Les også: Frå dropout til forfattardebutant

Skuffa over alt livet ikkje blei

I førestillinga Vår vesle flyttar Mari (29) heim til foreldra etter å ha avslutta kunststudia i utlandet. Ho har ein abort bak seg, har gjort det slutt med kjærasten, og blir buande heime i sokkelleilegheita til foreldra.

Når ho kjem heim har ho ikkje jobb, foreldra hjelper henne med bil, og ho vil dei skal hjelpe henne å kjøpe bygdas dyraste hus. Inkassokrava kjem i posten og ting har stoppa litt opp. Foreldra blir usikre på om dei har gjort noko gale og korleis dei best kan hjelpe.

I «Vår vesle» befinn hovudpersonen seg i ei boble både billedleg og reint konkret. Foto: Dag Jenssen, Det Norske Teateret

«Vår vesle hadde det ikkje lett dei siste to åra ho budde i Göteborg. Ho elska å bu der, og ho var så flink. Tok master i kunsthistorie. Men ho møtte på motbør. (…) Jah, vi må berre seie det som det er. Da dottera vår kom heim ferdig utdanna, hadde ho blitt til ein fugl», fortel mora i stykket.

Ei heilt open bestilling

Da Kristin Auestad Danielsen fekk i oppdrag å skrive førestillinga , var det ikkje bestemt kva ho skulle handle om. Idear og forslag gjekk fram og tilbake mellom Danielsen og oppdragsgivaren.

Da tema først var på plass, så gjekk resten «av seg sjølv».

– Det stanga veldig i starten for å finne ut kva det skulle handle om. Men da eg var i gang, gjekk det av seg sjølv. Universet har vore så sterkt i seg sjølv. Miljøet var der, folka var der, det var berre å få det ut, forklarer Danielsen.

Les også: Frå mobilnotat til ungdomsbok

Befriande univers

Tidlegare har ho opplevd å leve seg heilt inn i skriveprosjekt og skrive med «hud og hår». Påfulgt av år med skrivesperre og skrivefrykt.

Vår vesle er Auestad Danielsen sin første roman, og boka kjem ut same dag som teaterpremieren. Foto: Samlaget

«Vår vesle» er Auestad Danielsen sin første roman, og boka kjem ut same dag som teaterpremieren. Foto: Samlaget

No synest ho at ho har funne ein fin balanse mellom å bruke seg sjølv og samtidig ikkje «bruke opp seg sjølv». Sånn at ho no både kan skrive og fungere i kvardagen.

– Sånn sett var det utruleg befriande å finne det universet som Vår vesle har. Der det både er mykje gjenkjenneleg for meg, og likevel ikkje er ei privat forteljing.

Det er ikkje meg det er snakk om, men kanskje min generasjon. Den perioden i livet der ein skal ut av studentbobla og prøve å klare seg på eiga hand, seier ho.

Om korleis ein kan vere der for kvarandre

I forteljinga får vi sjå korleis omgivnadene rundt reagerer på situasjonen til Mari. Foreldra blir frustrerte, gamle skolekameratar synest ho er spennande, og Mari er skuffa over alt livet ikkje blei, og har gitt litt opp.

I førestillinga «Vår vesle» flyttar Mari (29) heim til foreldra etter studia. Foreldra gleda seg til å få dottera heim, men veit ikkje korleis dei skal hjelpe. Foto: Dag Jenssen, Det Norske Teateret.

– Det handlar om korleis ein kan vere der for kvarandre òg, seier Danielsen.

Foreldra gler seg til Mari kjem heim. Men når ho kjem heim, kjenner dei seg hjelpelause. Dei skaffar henne det materielle istaden for å ha ein vanleg dialog.

– Det er kjempevanskeleg. Det trur eg det er mange som kan kjenne seg igjen i. At ein har vaksne barn som har problem.

Danielsen trur det er mange i livet som i kortare eller lengre periodar ikkje klarer seg sjølve, og treng familie eller venner til å hjelpe seg gjennom ei krise.

– Eg trur ikkje Mari manglar noko spesielt. Ho har fått lov å gjere som ho ville. Reise og studere. Ho har ikkje blitt stilt krav til at ho skulle kome seg inn på bustadmarknaden. Foreldra kjenner litt på det at ho har jamnaldra og yngre som har barn og bustad.

Les også: Tre av ti studentar er ofte einsame

Foreldre med større ansvar enn før

Ho trur foreldre i dag føler at dei har større ansvar for å hjelpe sine vaksne barn enn før.

– Foreldra til Mari lurer på om dei har gjort noko feil, og isåfall føler dei at det er dei som må rette opp i dette. Det handlar om korleis ein hjelper kvarandre, og korleis familiestrukturane fungerer når ein er vaksen.

– Eg har vel kjent på det sjølv at det kan ta litt tid å etablere seg på nytt. Og at det ordnar seg jo, men det kan vere ein smertefull prosess, seier Auestad Danielsen.

Vår vesle har urpremiere på Det Norske Teateret den 5. september, og boka blir gitt ut same dag.

Les også: Siri overlevde Utøya, Faten var radikalisert. No står dei saman på scena

Kristin Auestad Danielsen

  • Dramatikar, poet og forfattar.
  • Bachelor i allmenn litteraturvitenskap.
  • Gjekk forfattarstudiet på UiT, og dramatikarutdanning frå Aarhus Teater.
  • Debuterte som forfattar med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005.
  • Aktuell med Vår vesle, som har premiere som teaterframsyning og gis ut i bokform samtidig.