Kårar beste Bowie-låt på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Litteraturarrangementet LittLarm, som går føre seg under festivalen, sparkar i gang ein konkurranse der dei inviterer lekmann og lærd over heile landet til å skrive den beste gjendiktinga av fem utvalde David Bowie-låtar. Teksten må vere nynorsk-basert eller på dialekt. Det som er mest viktig er å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpasse han til norsk samtid, skriv arrangørane.

TEST DEG SJØLV: Kva kan du om David Bowie?

Saka held fram under musikkvideoen: 

David Bowie (1947– 2016) er ein bauta innan rock- og pophistoria. Musikken hans vert kjenneteikna av sjangerleik, grensetøying og nyskaping, medan tekstane hans har kome meir i bakgrunnen.

Tidlegare artistar som har fått gjendikta tekstane sine i samband med festivalen er Robert Johnson, Joni Mitchell og Patti Smith – og no har altså turen kome til David Bowie.

Space OddityThe Man who Sold the WorldLife on MarsAshes to Ashes  og China Girl er Bowie-låtane ein kan prøve seg på.

Brageprisvinnar og Bowie-fan Ruth Lillegraven er juryleiar. Juryen er elles sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangøren, som kjem til å kåra ein eller to vinnarar.

Arrangementet LittLarm vert avvikla på Kunsthuset Kabuso i Øystese i juli, og beste gjendikting blir framført av husbandet. I tillegg til heider og ære får vinnaren eit dagspass til Bygdalarm. (©NPK)

LES OGSÅ: Her kan du betala med David Bowie

Klarar du å skriva denne klassikaren om til nynorsk?