mm
Faktaboks

Demens er ei fellesnemning for fleire hjernesjukdommar som oftast opptrer i høg alder og fører til kognitiv svikt

Om lag 60 prosent av dei som får aldersdemens får Alzheimers

Alzheimers er ein hjernesjukdom som startar med at hjerneceller i området ved tinninglappen vert skadd og døyr

Hukommelsessvikt er viktigaste kjenneteiknet på demens

I tillegg kjem ting som nedsett meistringsevne og vanskar med å føra ein samtale

Personane kan til dømes verte engstelege, passive eller irritable på grunn av sjukdommen

Ofte vert demens utvikla over ein 10-12 års periode

Kjelde: Helsenorge.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Husker du ka vi prata om i går da?

– Jeg gjør ikke det, vet du.

Filmskapar Mauritz Brekke Solberg sit heime i stova hos Drude Brekke, mommo, som i ein alder av 65 år fekk diagnosen Alzheimers.

Då barnebarnet, som no går andreåret på film og tv-linja på Westerdals, fekk i oppgåve å laga ein personleg dokumentar fall valet naturleg.

Mommo – en selvrefleksiv dokumentar stiller Mauritz Brekke Solberg spørsmål som: Kva er eit minne? Og kva er identitet?

I helga vart studentfilmen vist på Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda.

LES OGSÅ: Sjå Anton (25) sin hyllest til bestefar

Usikkerheit
Mommo har hatt diagnosen i eit par år, då Mauritz i fjor haust bestemte seg for å vitja bestemora med kamera.

– Eg hugsar eg var veldig nervøs før eg drog ned, fordi eg hadde ikkje sagt noko som helst om at eg skulle filme. Difor lurte eg på om det kom til å gå heilt greitt, eller om ho kom til å bli veldig lei seg og at det vart vanskeleg. Så eg var veldig spent.

Sidan Mauritz no studerer i Oslo har han ikkje sett sjukdomsutviklinga på nært hald. I tillegg til filmskaparen og mommo, fortel både barn og tidlegare ektemann om korleis dei opplever Drude og sjukdommen hennar.

– Det er ein fæl sjukdom. Det er ein måte å miste  eit menneske du er glad i over veldig lang tid, fortel bestefar.

Borna opplevde at mora deira fekk stadig større vanskar med å utføre enkle oppgåver og at ho var mykje trist. Dei forklara det med depresjon etter skilsmissa. I ettertid skjøna både dei og legane at ho kunne fått diagnosen mykje tidlegare.

LES OGSÅ: Forskarar: Eksos kan gje demens

 
Mauritz har henta fram fotoalbumet for å forklara sitt forhold til mommo, som har endra seg etter ho vart sjuk.

Alzheimers
– Nokre gongar heng eg med, men så blir det borte, forklarar mommo til Mauritz.

Tap av hukommelse og at enkle oppgåver vert vanskeleg, er tidlege teikn på demens.

Alzheimer er den vanlegaste av hjernesjukdommane som kjem inn under gruppa demens. Ein reknar med at nærare 80.000 nordmenn har ein form for demens, og kvart år vert rundt 10.000 nye råka. (Les meir i faktaboks.)

Før visste Mauritz lite om Alzheimers, men etter at bestemora fekk diagnosen har han lest seg opp og sett dokumentarar om sjukdommen.

– Det er eit veldig spanande tema å prate om, men det er òg ein forferdeleg sjukdom. Ein vert jo redd ein skal få det sjølv, når nokon ein kjenner får det. Det er skummelt.

Den unge filmskaparen er allereie i gang med ein ny kortfilm, som tek utgangspunkt i same tematikk – ei mor som får demens og korleis det påverkar mann og deira vesle son.

– Kva er det viktigaste å forstå om sjukdommen?

– Du mistar kanskje ein samtalepartnar, eller personen du har kjent. Men det viktigaste å forstå er kanskje at ein har ein del av seg – det menneskelege, som framleis vil vera der til slutten. Om ein klarar å sjå den delen, så kan det kanskje vera lettare å takla ein slik sjukdom.

LES OGSÅ: Høgare utdanning gjev mindre risiko for demens

Beatles-minner
På førehand hadde 22-åringen lest om musikkterapi og fått tips om at mommo var veldig glad i The Beatles. Og det er ikkje i tvil om at ho kjenner att Love me do, når Mauritz speler den for ho framføre kamera.

– Det var veldig kult å sjå at det hadde effekt, særleg når det er di eiga bestemor det er snakk om, smilar Mauritz etter filmframsyninga.

Han har vist filmen til heile familien, som er nøgd med resultatet.

Den einaste som ikkje har sett filmen er hovudpersonen sjølv. Mauritz forklarar at mormora er vorte dårlegare sidan innspelinga og slit med å hengja med i ein heil film, men at ho kan gle seg over enkeltklipp.

– Kva er det verste med denne sjukdommen?

– Det spørs kva side ein ser det frå – om det er den som får det, eller dei rundt. Det er veldig ille for begge partar. Spesielt i den perioden når personen er klar over at ho blir dårlegare og dårlegare. Men om det er komen så langt at personen ikkje er klår lenger, så er det nok verst for pårørande, som mistar ein person dei er veldig glad i. Det er ein sjukdom som påverkar veldig mykje.

For Mauritz var arbeidet med filmen givande. Bodskapen hans er at det finst noko positivt i det heile, sjølv om demens er vanskeleg. Han håpar filmen kan inspirera andre til å ta vare på folk – anten dei har demens eller ikkje. 

– Eg vil jo berre oppmoda alle til å prøva å ta kontakt. Og vere der for andre.

LES OGSÅ: Vil ha landsby for demente


Gjennom musikk får Mauritz Brekke Solberg kontakt med mommo på ein ny måte. Skjermdump frå Mommo – en selvrefleksiv dokumentar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE