Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tenk deg at du er ein ung, nyetablert artist. Du har nyleg vorte kåra til Årets Urørt, og skal endeleg sleppe debutplata di. Då promoterer, reklamerer, og regelrett spammar du på alle sosiale media, ikkje sant?

Ikkje viss du heiter Jon Olav.

Den 22 år gamle artisten frå Ørsta gjer det stikk motsette. Han boikottar Facebook.

Alternativ promotering

I ein kort video på Facebook-sida si så takkar artisten, som eigentleg heiter Jon Olav Sandal, for seg på plattformen.

– Ved å gjere dette så håpar eg å få folk til å tenkje seg litt om kva Facebook både er og gjer, og å inspirere litt, seier den sindige 22-åringen på telefon til Framtida.no.

Han synest internett-giganten har vorte for stor og uoversikteleg, og er ikkje interessert i å punge ut for å bli sett i mylderet. Når Urørt-vinnaren slepper debutplata «Ung poesi» 14. september, vil du difor ikkje sjå spor av det i nyheitsstraumen din.

I staden for vil Jon Olav nytte seg av ein alternativ måte å nå publikum – den gode gamle jungeltelegrafen.

Les også: Jon Olav er Årets Urørt

Gjenopplivar kjedebrevet

Jon Olav har sendt ut kjedebrev med link til si eiga nettside. No satsar han på at fans og musikkelskarar sender vidare e-postar og tekstmeldingar til ni personar kvar. Det er like mange spor som på plata.

– Eg veit at dei som melder seg på vil høyre albumet. Det er ein meir real måte – ein meir personleg måte å nå folk, seier ørstingen.

Kjedebrevet må gå mange runder om Jon Olav skal nå målet sitt om 150 000 avspelingar på sleppdagen. Det er likevel ikkje hovudpoenget.

– Eg ønskjer sjølvsagt å nå målet, men det er ikkje det viktigaste. Eg likar å gjere ting som har ei meining, ikkje berre for å byggje opp meg sjølv.

For albumet har også ein større bodskap. Det er ei vidareføring av songen «Repetitive system», som kritiserer overdriven bruk av sosiale media.

Ein risiko, men verdt det

Med songar som «Hei, Erna» og «Talentfabrikken», så har Jon Olav allereie markert seg som ein kar som ikkje er redd for å prate makta imot, eller for å bryte med forventningar. Og om så berre eit par tusen høyrer plata på sleppdagen, så er han likevel sikker på at eksperimentet var verdt det.

– Eg tenker litt at når eg gjer dette, så har eg nesten meir å vinne på det enn å tape. Dette er mi første plate, og den vil definere litt kven eg er. Når den første tingen som skal definere meg vert gjort slik, så synest eg det er litt kult, seier han.

Urørt-vinnaren er nemleg nøgd med å vere ein artist som ikkje er redd for å prøve noko nytt, ta litt sjansar og berre satse.

Les kva Jon Olav skriv om klimaendringane her!