Verdsstjerner spelte i fem timar på FireAid for offera etter brannane i LA

Velgjerdskonserten FireAid hadde eit stjernespekka program for å samle inn pengar til dei ramma av brannane i California.

Åshild Slåen
Publisert

Billie Eilish og Olivia Rodrigo var blant dei 20 artistane som torsdag opptredde på velgjerdskonserten FireAid. Green Day opna showet og fekk med seg Eilish på låten «Last Night on Earth».

Parallelt med konserten i Kia Forum i Inglewood nær Los Angeles, var det ein tilsvarande stor konsert i Inuit Dome i same område.

Andre stjerner på scenane var Katy Perry, Pink, Lady Gaga og Nirvana.

Konsertane samla inn pengar for å hjelpe dei ramma av brannane som har herja i Los Angeles-området og til framtidig førebygging.

Det varte i fem timar og var tilgjengeleg for å bli strøyma på nett, med sending frå begge scenane.

Sjåarane vart oppmoda til å gi pengar, med ein garanti om at arrangørane vil donere ei tilsvarande mengd. Ein av dei første store donasjonane var frå bandet U2, som ifølgje skodespelar Billy Crystal ville gi éin million amerikanske dollar til offera.

29 personar er ifølgje CBS stadfesta omkomne i brannane, i tillegg til at rundt 150 000 personar har mått evakuere frå heimane sine, ifølgje NPR.

Crystal var ein av dei mange til stades som sjølv er ramma av brannane som har vore i Los Angeles-området den siste tida. Han sa frå scena at han framleis var i kleda han hadde evakuert frå heimen sin i. Huset hans er eitt av dei som har brent ned i Pacific Palisades, eit nabolag som ligg vest i Los Angeles, og som i stor grad er øydelagt.