Framleis låg interesse for oljestudium

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 24.07.2018 16:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solnedgang for oljenæringa?

Medan talet på søkjarar til oljerelaterte studium i 2014 var fleire gonger høgare enn kapasiteten, er det no ledige plassar på mange slike utdanningsprogram. Andre er berre så vidt fylte opp.

Dette er tradisjonelt sett svært populære studium der det har vore hard rift om plassane.

Samstundes strøymer søkjarane til meir fornybarorienterte studieretningar, mange av dei oppretta for berre få år sidan.

Fornybar energi er meir populært

Eit talande døme er det nye masterprogrammet Energi, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen på Vestlandet (HVL): Medan tre kandidatar gjekk ut i 2014, har dei no tjue studentar per kull, og langt fleire søkjarar.

Ein ser denne tendensen òg i poenggrensene, som no er høgare for mange studium i fornybar energi enn i fossilstudium.

Det er ikkje noko fundamentalt nytt i år – me såg liknande og kan henda endå tydelegare teikn på ei dreiing mot fornybare fag i fjor.

Men dei nyaste tala viser iallfall at trenden held seg. Framtida har sett nærare på søkjartala for ei rekkje studium innan fornybar og fossil energi, og samanlikna årets og fjorårets tal. Tabellen kan du sjå nedst i saka.

Les òg: Ungdommen aksjonerte mot oljekonferanse

Næringa treng nye folk

– Me skal driva med olje og gass i mange tiår framover, uttalte olje- og energiminister Terje Søviknes til NRK i fjor sommar.

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) seier me skal driva med olje og gass i mange tiår framover. Foto: OED/NTBscanpix

Han la til at olje- og gassnæringa vil trenga 20 000 – 25 000 nye hovud etter kvart som folk går av med pensjon og næringa trappar opp aktiviteten på norsk sokkel.

Den same visa høyrde me i 2012, då det var «oljeboom» her til lands. Oljemilliardær og jærbu Ståle Kyllingstad sleit fælt med å skaffa nok folk. I VG sto det:

«Nå roper Jærens «selfmade man» et kraftig varsku til politikerne og unge:

– Vi må slutte med lystbetont utdanning og gå tilbake til behovsprøvd utdanning. Det er en skrikende mangel på realfagsutdannede.»

Les òg: Ti ekspertar oppfordrar til kutt i norsk oljeeksport

– Ulogisk at ingen tør å søkja

Men frå 2013 til 2015 fall sysselsetjinga i oljerelatert sektor med 11 prosent, eller 25 000 personar, på grunn av eit stup i oljeprisen.

Ho tek seg opp igjen no, men det går treigt å få opp søkjartala til oljerelatert utdanning. Ei av dei som har byrja på petroleumsstudier, er Sarah Shariff (20).

– Eg synest det er så ulogisk at ingen tør å søkja, at det motiverer meg nesten meir. Den kunnskapen me sit på i Noreg, kan ikkje gå tapt, seier ho til Dagens Næringsliv i dag.

Fornybaranalytikar i Nordea Thina M. Saltvedt trur ikkje på noko særleg meir vekst i olje- og gassnæringa framover.
FOTO: ANDREAS S. BJERKNES

Tidlegare oljeanalytikar og no «fornybaranalytikar» Thina M. Saltvedt meiner dei burde ha valt annleis.

– Eg ser ikkje for meg at det vil vera vekst i oljebransjen dei komande åra, uttaler ho til DN.

Les òg: Kritikk mot 36 nye oljeblokkar i Barentshavet

Søkjarar per ledig plass
Fag innan fossil 2017 2018 Prosentvis endring
UiS Ingeniør, petroleumsteknologi 1,3 1,3 0
UiS Petroleumsteknologi 1,9 1,6 -15,8
UiS Petroleumsgeologi 1,1 0,8 -27,3
NTNU Petroleumsfag 1,1 1,6 45,5
NTNU Geologi 2,5 2,8 12,0
NTNU Ingeniør, olje- og gassteknologi 1,1 0,7 -36,4
UiB Petroleums- og prossessteknologi 0,7 0,7 0
UiB Geologi 0,7 0,5 -28,6
Høgskulen i Molde (HiMolde) Petroleumslogistikk 0,5 0,6 20
UiO Geologi og geografi 0,9 0,9 0
UiT Norges arktiske universitet Geologi 0,5 0,4 -20
UiT Norges arktiske universitet Energi, klima og miljø 1,5 1,7 13,3
Talet på søkjarar totalt 393 372 -5,3
Fag innan fornybar
USN (Universitetet i Sørøst-Noreg) Ingeniør, ren energi og prosessteknologi 1,6 0,9 -43,8
NTNU Ingeniør, fornybar energi 3,1 1,9 -38,7
NTNU Ingeniørfag, fornybar energi 1 0,9 -10,0
NMBU Fornybar energi 2,5 2,6 4,0
NMBU Miljøfysikk og fornybar energi 4 3,7 -7,5
NMBU Energi- og miljøfysikk 1,4 2 42,9
UiA Ingeniør, fornybar energi 1 0,7 -30,0
HVL (Høgskulen på Vestlandet) Fornybar energi 1,6 2,1 31,3
HVL (Høgskulen på Vestlandet) Ingeniør, energiteknologi 1,1 0,7 -36,4
HVL (Høgskulen på Vestlandet) Energi, elkraft og miljø 0,3 0,4 33,3
UiB Energi 4,4 1,8 -59,1
OsloMet Ingeniør, energi og miljø 1,1 1,2 9,1
Talet på søkjarar totalt 636 607 -4,6