Likestilling ovanifrå eller nedanifrå?

Vemund Viken, Fylkesstyremedlem, AUF i Oppland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Båe sider i politikken er opptatte av likestilling, men vi har forskjellige perspektiv og ganske ofte er vi ueinige om kva som eigentleg er god likestillingspolitikk. Eit av dei store skilja går på om vi tenker likestilling ovanfrå. Eller for å seie det på ein annan måte: om ein tar utgangspunkt i den kvardagen vanlege folk har og skape endring der, eller å lansere store visjonar utan å følgje opp med politikk som faktisk skapar endring.

Kor mykje skal staten blande seg inn i likestillinga?

Eit eksempel på det siste såg vi da Trine Skei Grande og Linda Hofstad Helleland gjekk ut i Dagbladet med følgjande beskjed til norske mødrer: skjerp dykk og la fedrane sleppe til i oppdraginga av borna. Her kjem vi inn på ei interessant ideologisk konfliktlinje: kor mykje skal staten blande seg inn i likestillinga?

Les også: Korleis er det å vere 18 år i 2018?

Politikk som verkar og politikk som ikkje verkar

AUF meiner at Noreg ikkje er likestilt ennå, eit eksempel på det er at for kvar krone ein mann tjener, så tjener ei kvinne 87 øre. Eit anna er at du skal leite lenge før du finn eit kommunestyre der det er like mange av kvart kjønn. For oss er kvinnekamp meir enn likestilling, det er like mykje ein kamp for menneskeverd.

Det er grunnen til at vi har tatt kampen for kvotering, for pappaperm og for at mor har ei rolle i arbeidslivet. Vi er ikkje i mål, men dette er eksempel på konkrete politiske tiltak som har endra samfunnet nedanifrå. Det er slike tiltak vi treng meir av.

For oss er kvinnekamp meir enn likestilling, det er like mykje ein kamp for menneskeverd.

Utspelet til Helleland og Skei Grande om barneoppdraging er eit slåande eksempel på det motsette, ei ovanifrå og ned-haldning som eg tviler på om har nokon effekt. I førre stortingsperiode såg vi kva som skjedde når ein gav opp eit likestillingstiltak. Regjeringa kutta i pappapermen frå 14 til 10 veker, og resultatet var at færre tok ut pappaperm og Erna Solberg gjekk ut og sa at ho var skuffa over norske menn. Det er eit anna eksempel på høgresida si ovanifrå og ned-haldning.

Det er eit blindspor å rette skytset mot veljarane dine når politikken din ikkje fungerte.

Les også: Frå no jobbar kvinner «gratis» resten av året

Likestillingspolitikk nedanifrå

Framtidas likestillingspolitikk må endre samfunnet nedanifrå, både gjennom å ta tak i heilt konkrete problem og større strukturar. Derfor går Arbeiderpartiet inn for å auke fedrekvota, ha eit forpliktande trepartssamarbeid for likestilling i arbeidslivet, styrke Likestillings- og diskrimineringsombodet og for å få fleire over i heiltidsjobbar vil vi sette av ein årleg pott til lokale tiltak og forsøk. Vi var mot å avskaffe likestillingslova fordi vi fryktar at det gjer lovverket meir tannlaust.

Framtidas likestillingspolitikk må endre samfunnet nedanifrå, ikkje ovanifrå

På nokre område er det menn som slit, og det har vore mykje fokus på at gutane ikkje gjer det like bra som jentene i skulen. Derfor vil Arbeiderpartiet få fram meir kunnskap om område i samfunnet der gutar og menn opplever systematiske ulemper, og vi vil sette ned eit nytt mannsutval for å sjå på menn sine likestillingsutfordringar.

Dette er likestillingspolitikk som tar tak i dei strukturane som legg føringar for dei vala vi tar i kvardagen. Framtidas likestillingspolitikk endrar samfunnet nedanifrå, ikkje ovanifrå.

Les også: Nynorskgutane kjem dårlegast ut