ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN Frå no jobbar kvinner «gratis» resten av året
For kvar hundrelapp ein mann tener i Noreg, tener kvinner 87 kroner. Det betyr at kvinner frå omtrent på denne tida og ut året jobbar «gratis» samanlikna med menn. Biletet er frå 8. mars-markeringa på Youngstorget i fjor. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Frå no jobbar kvinner «gratis» resten av året

Dei siste månadene av året jobbar kvinner ulønt samanlikna med menn. SV vil innføre ei islandsk likelønnslov for å tette lønnsgapet.
NPK-NTB-Birgitte Iversen
NPK-NTB-Birgitte Iversen

Onsdag arrangerer fagrørsla likelønsaksjonar fleire stader i Noreg for å markere at norske kvinner frå omtrent på denne tida jobbar gratis ut året.

I Noreg tener kvinner i snitt 87 kroner for kvar hundrelapp ein mann tener, ifølgje lønnsoversynet frå Statistisk sentralbyrå (SSB) frå 8. mars i år.

No krev SV nye tiltak for å jamne ut lønnsforskjellane.

– Viss vi held fram i det same tempoet som dei siste åtte åra, får vi ikkje likelønn før om minst 40 år. Det viser at regjeringa manglar ein aktiv likestillingspolitikk, seier SVs stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård til NTB.

Les også: Tarana Burke, kvinna bak #metoo

Krev tiltak

SV nyttar aksjonsdagen til å foreslå to nye likelønnsforslag: Det første er at Noreg må vedta likelønnsreglar etter islandsk modell.

– Island har gått føre og vedteke ein likelønnsstandard der bedriftene må dokumentere at arbeid av lik verdi blir likt betalt, viss ikkje blir får dei bøter. Vi foreslår islandsk likelønnsstandard på norsk, seier Øvstegård.

SV foreslår vidare ein likelønns-pott til dei kvinnedominerte yrka i offentleg sektor og dessutan tiltak for meir heiltid og motverking av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad.

– Vi treng ein likelønns-pott i offentleg sektor, fordi dei største lønnsforskjellane i dag går på tvers av arbeidsmarknaden og ikkje i kvar enkelt bedrift. Vi ber regjeringa samarbeide med partane i arbeidslivet om eit lønnsløft for kvinner i offentleg sektor innan 1. oktober neste år, seier Øvstegård.

Som ein del av aksjonen byter fleire personar framsidebilete sitt på Facebook til denne 87-kroners setelen. Foto: Likelønnsaksjonen på Facebook.

Les også: Guten som slåst for jenters rettar

Flyttar bevisbyrda

Island er det første landet i verda som har lovpålagt arbeidsgivarane å sikre lik lønn for kvinner og menn for arbeid av lik verdi. Sjølve verdivurderinga blir gjort internt på arbeidsplassane etter fire kriterium: kompetanse, ansvar, innsats og arbeidsmiljø. Sertifiseringa og kontrollen blir gjort av eksterne og brot på lova kan straffast med bøter.

– Island har med dette flytta bevisbyrda over på arbeidsgivaren. Ulik lønn for likt arbeid er ulovleg i Noreg òg, men her er det opp til kvar tilsett å bevise at lønnsforskjellar kjem av diskriminering, seier Øvstegård.

Les også: Den globale likestillinga går bakover

Oppdatert: onsdag 24. oktober 2018 09.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE