Studentar nøgde med utanlandsopphald
Både utveksling og kortare studieopphald i utlandet gir godt læringsutbyte og motivasjon for vidare studiar, viser ei undersøking blant studentane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Om lag 16 prosent av norske studentar har dei siste åra vore på utveksling, samstundes som fleire også deltar på kortare utanlandsopphald. Studentane er tilfredse både med det faglege og det utanomfaglege utbyttet. Utanlandsopphaldet gav også auka motivasjon, viser ei undersøking.
Les også: Rekordmange studentar på utveksling
Bidreg til auka kvalitet i høgare utdanning
Svara kjem frå ein analyse Nokut og Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitet i høgare utdanning) har gjort av svara i Studiebarometeret frå 2017.
– Undersøkinga viser at studentane i stor grad opplever utvekslingsopphald som ein god fagleg læringsarena. Det indikerer at utanlandsopphald bidrar til auka kvalitet i høgare utdanning, seier Diku-direktør Harald Nybølet og Nokut-direktør Terje Mørland i ei pressemelding.
Sjølv om studentane alt i alt er fornøgde, opplever ein del studentar at det er dårleg fagleg samanheng mellom studia i Noreg og utvekslingsopphaldet dei har i utlandet.