Vestre vil ikkje ha frikort hos tannlegen
Frikort hos tannlegen er ei langt betre løysing enn at ein skal dekkje ein del av rekninga sjølv, meiner Raudt. Men partiet får lite gehør hos helseministeren.
Jan Christian Vestre (Ap) hadde med seg budsjettpartnarane då han la fram forslaget til tannhelsereform måndag.
Om eit par veker byrjar forhandlingane i Stortinget, der partia skal bli samde om både finansiering og innretning.
Raudt vil ha maksgrense
Raudt vil ha eigendelstak og frikortordning, på same måte som hos fastlegen, og vil løfte dette fram i forhandlingane, stadfestar partileiar Marie Sneve Martinussen.
Forslaget frå regjeringa er at folk skal måtte betale 25 prosent av tannlegerekninga sjølv, men få dekt resten.
– Det er ingen løyndom at vi ønskte eit eigendelstak. Vi kunne gjerne sett taket høgt, og så senka det. Men eit tak ville vore ei meir rettferdig løysing, seier Sneve Martinussen til NTB.
Målet er at folk skal kunne få ei maksgrense å forhalde seg til.
Raudt-leiaren påpeikar at det fort kan bli svært dyre behandlingar dersom ein skal byte ei bru eller ei krone. Og då kan 25 prosent framleis bli ein høg sum som pasienten må dekkje sjølv.
Byggjer vidare på dagens ordning
Men Arbeidarpartiet vil byggje vidare på ordninga som allereie er i gang. I dag får unge vaksne dekt 75 prosent av naudsynte tannlegeutgifter. Den enklaste måten å utvide tilbodet på, er å innlemme nye aldersgrupper, meiner helseministeren.
– Vi meiner dette vil vere den beste måten å gjere det på, seier Vestre.
Helse- og omsorgsdepartementet skisserer i forslaget ulike modellar.
- Pasienten betalar ein del av det behandlinga kostar.
- Ei eiga frikortordning for tannhelse – kjem i tillegg til frikortordning hos fastlegen/andre helsetenester.
- Innlemme tannhelse i den eksisterande frikortordninga.
Det er ikkje aktuelt med noka form for frikort før alle har rett til naudsynt tannhelsehjelp, ifølgje forslaget. Det er fordi ei frikortordning i for stor grad prioriterer dei som allereie er skjerma mot utgifter.
Fryktar pasienttilpassing
I forslaget blir det argumentert med at frikort kan bli både uføreseieleg og dyr. Det kan føre til at pasientar sparer opp tannhelsebehandling og får utført alt innan eitt kalenderår etter å ha nådd eigendelstaket, heiter det. Det kan òg medføre risiko for overbehandling og auka press på tenesta når folk er over eigendelsgrensa, ifølgje forslaget.
Vestre seier likevel at det ikkje handlar om at frikortordning vil bli for dyr.
– Det kan bli dyrare eller billigare, avhengig av kva taket blir sett på, seier han.
Noko av poenget med tannhelsereforma er òg å rydde opp i lappeteppet av støtteordningar ein har i dag.
– Nokre får utgifter dekt over folketrygda, nokon har eigendelstak, men dei fleste betalar av eiga lomme. Vi meiner det er formålstenleg å regulere på ein felles måte. Forslaget vårt er at naudsynt tannhelsehjelp aldri skal koste meir enn 25 prosent, seier Vestre.




