Magasinet Faktafyk får omsider nytt liv

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Faktafyk har vore ein viktig ressurs i klasserommet, og mange lærarar har gjeve uttrykk for at dei sakna magasinet førre skuleår, seier redaktør for Faktafyk, Hilde Slåtto i ei pressemelding frå Foreningen !les.

På grunn av manglande finansiering i fjor, så kunne ikkje organisasjonen gje ut det årlege sakprosamagasinet.

No er pengane endeleg på plass, og i januar kjem 90 000 eksemplar ut til glede for ungdom frå aust til vest, og nord til sør.

Redaktør Hilde Slåtto ser fram til eit nytt år med ei ny utgåve av Faktafyk. Foto: Kristin Strøm.

Skrive for ungdom

Sakprosamagasinet er gratis og vert sendt til ungdomsskular over heile landet. Faktafyk meiner det er tilgangen på saksprosa retta mot ungdom det skortar på – ikkje interessa.

Magasinet skal såleis dekke eit hol i marknaden med sine sakprosatekstar skrivne for ungdom. Hovudmålet er å gjere unge lesarar nysgjerrige på sjangeren.

Les også: Håpar på redningsaksjon for Faktafyk

Ein nøkkel til å forstå verda

Slåtto meiner Faktafyk også vil gjere ungdom meir rusta til å forstå samfunnet dei er ein del av og eit stadig meir komplisert verdsbilete.

– Sakprosa av høg kvalitet er ein viktig nøkkel for å ta inn ei verd som heile tida går i raskare og raskare tempo. Ungdom tyrstar etter litteratur som handlar om verkelegheita. Faktafyk er eit tilbod som er skreddarsydd for nettopp det, seier ho.

Faktafyk har også ei nettside der elevar som fattar interesse kan fordjupe seg endå meir. Der finst både bonusartiklar, lydinnspelingar, og musikk- og filmsnuttar.

Les også: – Det er ikkje god nok sakprosa for ungdom

Sviktande opplag

Sakprosamagasinet gjenoppstår som følgje av auka middel frå Kulturrådet, samstundes som Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening også bidreg med økonomisk støtte.

Faktafyk gav ut sitt første nummer i 2012, og dei tre første nummera hadde eit opplag på 125 000. Men så miste magasinet litt av medvinden.

Opplaget vart nesten halvert i 2016 med 70 000 eksemplar, og året etter var talet eksemplar nede i 30 000. Så stoppa finansieringa opp, og skuleåret 2017/18 vart magasinet lagt på is.

Les også: Fleire skular på venteliste for å delta i nynorsk leseaksjon