– Det er ikkje god nok sakprosa for ungdom

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er mangelvare

– I sakprosa for ungdom går ein ofte ut frå at lesaren ikkje er interessert, det gjer ein jo ikkje til vaksne, seier Wanda Voldner, leiar i Foreningen !les.

LES OGSÅ: – Treng fleire bøker å velja i

For mykje forenkling
Nyleg gav foreininga ut den andre utgåva av bladet Faktafyk, som tek sikte på å vekkje interessa for sakprosa hjå ungdom. 129.000 ungdomsskuleelevar over heile landet får bladet, som òg er tilgjengeleg på nett.

Men med kuttet i innkjøpsordninga på 5,3 millionar vert det mindre å låne hjå norske bibliotek. Sakprosa for barn og unge vert spesielt hardt råka med eit kutt på 18 prosent. Det betyr nesten 1,4 millionar mindre til ein av dei minste postane.

Ifølgje Voldner er tilgangen på sakprosa for ungdommen eit større problem enn interessa. Her er det typisk at ein del forfattarar bommar på målgruppa.

– Mange av ungdomane opplever at dei vert snakka litt ned til. Dei treng å verte tekne på alvor og få møte kvalitet, seier leiaren i Foreningen !les, som meiner det er ein vanskeleg sjanger det ikkje vert satsa nok på.

– Det er ikkje god nok sakprosa for ungdom, vertfall ikkje på begge målformer, slår Voldner fast.

LES OGSÅ: Kulturrådet kuttar mest i nynorsken

Uroa for kutta
Forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget, Ragnfrid Trohaug, bekreftar at nynorsk sakprosa er mangelvare, noko dei jobbar med å endre.

Ho meiner at bruk av nynorsk i denne sjangeren er ekstremt viktig for språket. Det bør vere anna litteratur enn skulebøker og skjønnlitteratur på nynorsk.

– Difor er eg bekymra for kutta i sakprosaordninga. Eg håpar at regjeringa og Kulturrådet ser at sakprosabøker på nynorsk må finnast, og at då må ein kjøpe dei inn.

I tillegg til mangel på nynorsk, ser ho ein generell mangel på norskskriven sakprosa for barn og unge.

Heile tre av fire sakprosabøker for barn og unge, som kjem ut i Noreg, er omsette.

Dei seinare åra har Samlaget gjeve ut debattbøkene Globaliseringsboka og Klimaboka, og arbeider no med Ekstremismeboka i same sjanger.

– Me er klar over behovet, og skulle gjerne hatt fleire slike bøker.

Men ifølgje Trohaug er sakprosabøker ofte kostnadskrevjande og risikable prosjekt, difor er det viktig med gode rammevilkår.

LES OGSÅ: Samlaget søker nye stemmer

Vaksenerstatning
Litt av grunnen til at sakprosa for ungdom gjerne bommar på målgruppa kan vere nettopp fokuset på dei, ifølgje Hilde Slåtto, redaktøren i Faktafyk.

– Nokre vert for opphengt i å knekke ein kode når dei skal skrive for ungdom, seier Slåtto, som trur det rett og slett handlar om kvalitet og gode historiar med ein personleg vri.

Redaktøren seier seg einig i at det slett ikkje er nok sakprosa for ungdom på marknaden.

I mangel på gode sakprosabøker for ungdom, har dei nytta utdrag frå vaksenlitteratur, fortel Slåtto, som har arbeidd tett med ungdommar om det endelege ferdige resultatet. 

Men ungdom kan godt lese sakprosa berekna på vaksne, dersom det er godt skrive. Det skal då helst ikkje vere for komplisert med for mange framandord.

LES OGSÅ: Redd kutt vil føre til færre nynorskbøker

Fotballfenomenet
Sakprosa er ein brei sjanger, difor kan dei fleste finne noko som interesserer dei. Men for mange ungdommar er det ikkje naturleg å vende seg mot denne litteraturen, dersom det ikkje er eit spesielt felt dei interesserer seg for.

Døme på dette er sjølvbiografien «Jeg er Zlatan», som har fått både norske og svenske ungdommar til å lese meir.

I kjølvatnet av Zlatan-boka er det kome fleire biografiar om fotballheltar, men Voldner fortel at det ikkje berre er ballkunstane til Zlatan Ibrahimovic som har gjort boka til ein suksess.

I botnen ligg ei god historie om ein kjempande helt som kjenner seg åleine og einsam, men som klatrar til topps. Ikkje ulikt historier kjent frå fantasy-sjangeren.

Det er noko både unge gutar og jenter kan relatere seg til, sjølv om fotballbiografiar gjerne vert marknadsført mot gutar og menn.

– Mange ungdommar går glipp av sakprosaen, fordi det ikkje er der dei vender seg, og fordi bibliotekarar og andre ikkje veit heilt kva dei kan anbefale, seier Slåtto, som trur at denne litteraturen, med sine historier frå verkelegheita, dekkjer eit behov skjønnlitteraturen ikkje kan fylle.